22/09/2026
📙
Eg las i ei bok om sekularisering * for ei god stund sidan. Det stod så mykje interessant der, så eg må nok tilbake til den boka. Det eg skriv her, er min refleksjon slik eg har tenkt i ettertid, og kanskje ikkje heilt slik forfattaren ville sagt det!
✒️
Eg synes det kan vere vanskeleg å trekkje ut det som er viktigast i tekstar eg les. Det eg hugsar best frå denne boka, så langt som eg er komen, var at forfattaren poengterte kor annleis ting blir når fokuset er "rett og gale" i motsetning til "godt og vondt". Eg har grunda ein del på det.
Han meinte at Jesus ikkje fokuserte på rett og gale; han var oppteken av at vi skulle gjere det gode og unngå det vonde. "Rett og gale" er ein typisk herskemåte å tenkje på. Det er fordømingsmåten og mykje meir kantete enn "godt og vondt". Rett og gale er svart-kvitt. Kva er godt og vondt, då?
Eg har tenkt at skilnaden på godt og vondt er nedlagt i oss. Det er til dømes det samvitet vårt skal hjelpe oss med å vurdere.
*Kanskje må vi stundom kome med ei kvit løgn for å hjelpe eit menneske som er redd. Det er gale å lyge, men godt godt å vise omsorg.
*Kanskje vert eit menneske i naud straffa for å stele mat. Det er rett å straffe steling, men vondt at folk svelt.
Jesus viste oss at kjærleik til alle er vegen å gå. Reglar er ok. Det må eit samfunn ha. Reglar kan også hjelpe fram det gode.
Eit samfunn med berre reglar og utan hjartelag er hardt og kaldt å leve i.
Der det ikkje er rom for å handle etter samvitet, og vurdere om årsaken til regelbruddet er at regelen er gal og dermed må justerast for å gjere verda god for alle, er vondt.
Eg opplever at landet vårt vert styrt stadig meir etter "rett og gale" og at hjartelaget med tanke på korleis dei som har det vanskeleg har det, druknar i reglar.
Vi må handle "rett" for landets økonomi, og kneble trangen til å gjere det gode for folk og jord.
Høyrest dette ut som politikk? Då var Jesus politisk. Og det var han. Det er vi alle når vi diskuterar samfunnet og korleis vi ønskjer å ha det i landet vårt og i verda.
Vi som står fram som truande kristne må ikkje gløyme korleis Jesus levde. Kven han irettesette og kven han valde å invitere inn i fellesskapet. Det er få av oss som har som oppgåve å irettesette, men alle av oss har kjærleiken som rettesnor, og Jesus som læremeister. Han utfordra "lovens menn og reglar" og han fokuserte på dei som trengde oppreising.
📖
"... Så gjekk han derifrå og kom til synagogen deira. Der var det ein mann som hadde ei vissen hand, og dei spurde Jesus: "Er det tillate å lækja på sabbaten?" Dei ville ha noko å klaga han for. Han svara: "Om ein av dykk har ein einaste sau, og sauen dett i ei grøft på sabbaten, vil han ikkje då ta tak i sauen og dra han opp? Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Difor er det tillate å gjera godt på sabbaten." Og han sa til mannen: "Rett fram handa!" og han så gjorde, og handa vart god, like frisk som den andre. " **
"... Nei når du vil halda gjestebod, så be fattige, uføre, lamme og blinde. Då blir du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje deg att. Men du skal få løn for dette når dei rettferdige står opp frå dei døde."***
🙏
Gode Gud, vi ber deg om evne til å skilje mellom godt og vondt. Hjelp oss til å vere gode læresveinar, kloke samfunnsborgarar og omsorgsfulle medmenneske, slik Du viste oss det ved Jesus Kristus, vår Herre og Frelsar. Gi oss mot når våre medmenneske treng at vi står opp for dei.
Velsign og rettlei styresmaktene og dei rikaste blant oss, så dei har mjuke og varme hjarte midt i makta dei har.
Amen
✋
Guds fred og velsigning til deg som les og alle dine. ✝️❤️
*"Som om Gud ikke finnes" av Magnus Malm
** Matt. 12. 9-13
*** Luk 14. 13-14