22/05/2021
Hjelp, eg er litt koronaskadd!
Eg er veldig god på å tilpassa meg, så eg gjekk inn i nedstenging med fullt trykk. Eg tok til å gå enda meir enn før, eg tok alle følelsar på alvor, eg jobba innover med meditasjon, eg heiv meg på bake/matbølgja, eg tykte det var topp å få kjærestemann med heimekontor, heimeskule gjekk fint og vener traff eg i naturen og på plassar med uteservering. Eg starta opp med Walk & Talk på coachingen, og auka talet på coachear sjølvom alt av grupper låg nede. I teaterlivet mitt vart det trist, der nesten alt av aktivitet blei lagt ned og permisjonane kom.
Men, alt har eigentleg gått veldig bra, inntil her om dagen då eg kjende at sjeli mi eigentleg er litt koronaskadd. Og lat meg understreka… Eg er av dei heldige, og eg har ingenting å klaga på!
Men, det starta med ei gruppe på FB for oss som har reist verda rundt med Up With People, der me kan byttelåna hus eller leiga ut husa våre. Eg tok siste turen min over dammen rett før nedstenginga og har holdt reiselysta i sjakk med håpet. Den gruppa på fb gjorde at alle slusar opna seg, og eg innsåg at å reisa for meg er rein SOULFOOD. Eg ELSKAR det, og sjela mi døyr litt av å ikkje få reisa.
Deretter blei eg bedt om å levera nokre bilete av teaterprosjekta eg gjorde i 2020. Eg fekk gåsehud på ryggen, for eg tenkte først at eg kan jo umulig ha gjort jobben min, for eg hugsar ikkje eitt prosjekt. Det var som det var vekke frå hukommelsen min. Eg gjekk då inn på bilderullen min på telefonen, og såg at eg hadde gjort MANGE prosjekt i perioden januar-mars, men hjernen min hadde berre gløymt det. Det kjende eg i heile kroppen min, for det som skjedde var at eg blei minna på korleis det var å vera ute å jobba fysisk i prosjekt med andre, «på golvet». Eg innsåg at fysisk deltaking er heilt nødvendig for meg for ikkje å dø innvendigt.
Så, til slutt fekk eg nådestøtet, då eg innsåg at fom 10.mars 2020 slutta eg å syngja. Eg har omtrent ikkje sunge sidan den dagen. Fuglen slutta å kvitra for å seia det på den måten.
Konklusjonen er at eg klarte å tilpassa meg veldig bra på mange områder til pandemien, men at sjela mi er rett og slett litt underernært og skadd.
Det er jammen godt eg har gode verktøy, eg kan bruke på meg sjølv, og herved erklærer eg ei gradvis gjenåpning av sjela mi.
Har du oppdaga områder i ditt liv, som pandemien har påverka?
Uansett så ynskjer eg deg gode dagar🥰
Varm helsing frå
Tone🌺