24/09/2026
Det var med stolthet og takknemlighet vi i går kunne motta "European Language Label". Prisen blir delt ut av HK-dir på vegne av Erasmus+, og Askøy vgs. fikk den for språkreisene på vg1 studiespes.
Stor takk til det arbeidet som internasjonal koordinator Ann-Elin og alle våre gode språklærere gjør hver dag, for at elevene våre får utvide horisontene sine ut mot verden. Denne prisen går til dere!
🏆Gratulerer!! Den europeiske språkprisen 2026 går til Askøy vgs.
🌏Kva skjer når språket flyttar ut av læreboka og inn i livet?
🇫🇷På Askøy vgs blir spansk, fransk og tysk brukt i skulegarden, rundt middagsbordet, i skulegarden, i butikken og saman med jamaldringar i Europa.
🇪🇸 Alle vg1-elevane på studiespesialiserande får reise på språkreise til Frankrike, Spania eller Tyskland. Dei kjem heim med historier om skulesystem som er annleis enn vårt, måltid på uvande tidspunkt og, kanskje aller viktigast, opplevinga av å ha klart å snakke med vertsfamilien, elevar og butikktilsette utan å kunne ty til engelsk.
🇩🇪Det er i desse møta noko skjer. Elevane lærer ikkje berre eit språk. Dei oppdagar at språket faktisk verkar. Og at dei sjølve kan bruke det.
👩🏫Skulen arbeider målretta for at alle framandspråkelevar skal kunne delta, med gode førebuingar, individuell tilrettelegging og ekstra støtte der det trengst. Gjennom Erasmus+, langsiktige partnarskap og engasjerte lærarar får elevane ei språkopplæring som ikkje kan skapast på same måte innanfor dei fire veggane i klasserommet.
🎭I ei tid der framandspråka i skulen står overfor ei usikker framtid, viser Askøy vgs kva språkfaga kan vere: ekte kommunikasjon, kulturforståing, meistring og møte mellom menneske på tvers av landegrenser.