13/05/2026
No har vi landa litt etter helgas «Alice i Eventyrland» 💫
Tusen takk for så mange fine meldingar, e-postar og kommentarar. Det varmar skikkeleg!
Det er mange som fortener ein stor takk for at dette vart ei så fin forestilling. Først og fremst alle barna og ungdomane som fylte scena med mot, energi, humor, dans, musikk og teaterglede – alle kaniner, froskar, dronningar, hattemakarar og rare skapningar i Eventyrland ❤️
Og takk til alle rundt:
Ål kulturhus Hallingdal Lyd, Buskerud Teater, Marit Sehl Ida-Kristin S. Tovstaul Marte Medgard Skår Rannveig Øygardslia Grim Friberg og alle teknikarar, frivillige, foreldre og hjelparar som har rigga, sydd, planlagt, måla, køyrt, trøysta, heia og løfta dette fram saman.
Det finaste med slike produksjonar er at dei gir plass til så mange. Ulike menneske, ulike styrkar, ulike roller – men alle er viktige for heilskapen. Når barn, ungdommar, lærarar, teknikarar, frivillige og foreldre dreg i same retning, kan det skapast noko som er mykje større enn sjølve forestillinga. Det er ganske fint å få vere ein del av ❤️ TAKK!
Vår husfotograf Ådne Kvammen har tatt desse flotte bileta:
10/05/2026
Alice dagen! Velkomen til alle 🐇🎩🐛🤍👑
22/04/2026
Skulle vi hatt ballett også for vaksne til hausten? At det trender er det ingen tvil om 🧑🩰🩰
Ballett blir stadig mer populært: – Aldri for sent
Stadig flere unge og voksne finner frem ballettskoene. I hovedstaden er danseklassene fulle.
09/04/2026
Dette kan bli spennande! Vi er med 🎻🪗🚀
💃Sterkere sammen for folkemusikk og folkedans i kulturskolen!
Kulturskolerådet har inngått et nytt samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans for å styrke folkemusikk og folkedans i kulturskolene.
I april inviteres kulturskoler til å delta på innspillseminar, der ledere og fagmiljøer får mulighet til å bidra med erfaringer, behov og perspektiver. Innspillene vil være viktige i det videre arbeidet med å utvikle relevante, bærekraftige og faglig solide tilbud i kommunene.
Samarbeidet og innspillseminarene viser hvor viktig det er med tett dialog mellom fagmiljøer, kulturskoler og skoleeiere – et langsiktig arbeid for å styrke immateriell kulturarv.
👉 Les mer om samarbeidet og mulighetene for medvirkning her:
https://www.kulturskoleradet.no/nyheter/2026/april/nytt-samarbeid-skal-styrke-folkemusikk-og-folkedans-i-kulturskolene
08/04/2026
Sjå her! :) Ungdommens kulturleir er en sommerleir for deg i alderen 13 til 17 år. Har du lyst til å lære mer om film, låtskriving, musikal, teater og tegneserie? Da kan du bli med på leir 2. til 7. august 2026 på Follo Folkehøgskole i Vestby.
Ungdommens kulturleir arrangeres av Viken barne- og ungdomsråd, med støtte fra Akershus
fylkeskommune.
Ungdommens kulturleir – Viken barne- og ungdomsråd
Hjem Om oss Kontakt oss Våre medlemmer Kurs og arrangementer Fylkeskommunale midler Ressurser Ungdommens kulturleir Meny Hjem Om oss Kontakt oss Våre medlemmer Kurs og arrangementer Fylkeskommunale midler Ressurser Ungdommens kulturleir UNGDOMMENS KULTURLEIr- en sommerleir for deg mellom 13 og 17 ...
16/03/2026
Skjerm barna – gratis foredrag med Maja Lunde 23. april kl. 18.30 i Ål kulturhus 🐝
Barndomen er ei heilt spesiell tid. Ei tid for leik, kreativitet, fantasi, rørsle og gode fellesskap. Når barn får rom til å utforske, skape, lese, dagdrøyme og vere saman med andre, skjer det noko viktig – både for trivsel, læring og utvikling.
Men i dag konkurrerer desse viktige erfaringane med skjermar, appar og algoritmar som tek stadig meir av tida til barna våre. Kva kan vi som er vaksne gjere for å ta vare på det som verkeleg betyr noko i barndomen?
I dette engasjerande foredraget snakkar forfattar Maja Lunde om korleis teknologien har fått ein så stor plass i livet til barn og unge – og kva vi kan gjere for å gi meir plass til leik, fellesskap, natur, kreativitet og ro.
Foredraget handlar ikkje berre om utfordringar, men om moglegheiter: Korleis kan vi saman ta ansvar for å verne om ein barndom der barn får vere barn?
Om Maja Lunde 🌟
Maja Lunde er ein av Noregs mest kjende samtidsforfattarar og er omsett til over 40 språk. Ho er særleg kjent for romanane Bienes historie, Blå, Przewalskis hest og Drømmen om et tre – bøker som til saman utgjer den internasjonalt anerkjende klimakvartetten. Bøkene hennar er lesne av millionar verda over, og ho har fått fleire prisar for forfattarskapen sin. I tillegg skriv ho barnebøker og sakprosa, og engasjerer seg sterkt i spørsmål som gjeld barn, natur og framtida vår.
Arrangementet er gratis og ope for alle! 🥁🌟
Her finn du lenke til gratis billett:
https://aal.kulturhus.no/arrangement-i-storesalen-i4d6ysj/
Skjerm barna – Gratis foredrag v/Maja Lunde
Hallinghelse, Folkehelsegruppa i Hallingdal og Nesbyen kommune inviterer til gratis foredrag med Maja Lunde.
23. april klokka 18.30 i Ål kulturhus
Korleis teknologien tok over barndomen og kva me kan gjere for å ta den attende.
Eit foredrag for deg som syns at ungane er for mykje på skjerm og vil bidra til å ta barndomen tilbake!
Eit barn som brukar mobilen ein time om dagen vil med ein gjennomsnittleg levealder på 82 år bruke om lag 30.000 timar på mobilen. Det er tre og eit halvt år. Eller 15 årsverk. Veldig mange barn og unge brukar mobilen 4 timar eller meir kvar dag. Det er 60 årsverk det.
Mobilen, algoritmane, eig tida til barnet. Bruken rammar alt det viktige dei treng for å ha det bra; leike, sove, røre seg, lese, dagdrøyme og vere saman med andre. Samtidig stig tala på psykisk uhelse blant barn og ungdom, og skuleresultata rasar. Me har gjeve barna fri tilgang til applikasjonar og dingsar som me vaksne knapt greier å handtere. Til sosiale medier som krev ei mental modenheit barn og unge rett og slett ikkje har utvikla, fordi hjernen deira framleis er under ombygging. Me har berre gjort det, fordi me trur det digitale har kome for å bli. Dei einaste som tener på det er tek-gigantane. Men: det som ikkje gjer liva våre og samfunnet betre, det har ikkje kome for å bli. Det kan me fjerne eller endre. Dette foredraget syner deg korleis.
Her finn du lenke til gratis billett:
https://aal.kulturhus.no/arrangement-i-storesalen-i4d6ysj/
11/03/2026
Innblikk i kunstelevanes verd 🎨🧑🎨Saman med vår kjære får dei til så mykje kjekt 🧡 Resultatet får du sjå under i mai ✅