Årdal Teknologi- og Næringspark

Årdal Teknologi- og Næringspark Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Årdal Teknologi- og Næringspark, Verksvegen 5, Øvre Årdal.

Vi legg til rette for ny industri og næring i Årdal gjennom bygg, areal, infrastruktur og teknologi, og koordinerer og støttar samarbeid mellom eksisterande og nye aktørar i Årdal og regionen.

🤝Møt Maksym: frå språkpraksis til produksjonsleiar🎉Nok eit vellukka samarbeid mellom NAV i Årdal kommune og Sitep i Årda...
17/09/2026

🤝Møt Maksym: frå språkpraksis til produksjonsleiar🎉

Nok eit vellukka samarbeid mellom NAV i Årdal kommune og Sitep i Årdal Teknologi- og Næringspark har ført til at Maksym Bondar har gått frå språkpraksis til å få ei sentral rolle i den innovative verksemda Baremark.

Då Maksym kom til Årdal frå Ukraina, starta vegen inn i arbeidslivet med ein uformell språkpraksis samstundes som han deltok på norskopplæring i Årdal kommune.

Sommaren 2024 brukte han to timar kvar dag på Turistkontoret, der han fekk praktisere norsk språk gjennom møte med både turistar og turistvertar.

– Det var den beste språkpraksisen eg kunne fått, og moglegheita blei etablert etter ein sosial gåtur i regi av Tilflyttarkontoret der eg blei kjend med Årdal Turlag og lokale eldsjeler ved Turistkontoret, fortel han.

Gjennom vidare språkpraksis i Vivatec med tett oppfølging frå NAV Årdal og Sitep, blei Maksym i 2025 introdusert for startup-verksemda Baremark. Baremark lagar biologiske underlag til leikeplassar som kuttar mikroplast, reduserer utslepp og skapar tryggare uterom.

For Maksym handla jobben om langt meir enn produksjon. Med ein mastergrad i økonomisk styring og mange års erfaring frå bank og eigedomsmekling i Ukraina, fekk han også bidra innan planlegging, økonomi og forretningsutvikling og er i dag tilsett som drift- og produksjonsleiar i ei førebels 50% stilling.

Han er òg prosjektleiar for Baremark si deltaking i Circular Fast Track-programmet i Nordic Smart City Network, der selskapet samarbeider med mellom anna byane Stavanger, København og Espoo i Finland.

Tidlegare tilsett i Sitep, Cecilie Maria Holst, trekkjer fram kor viktig dei tidlege referansane har vore.

– Dei gode tilbakemeldingane frå Turistkontoret gjorde det lettare å invitere Maksym til ein samtale om moglegheitene for å bli involvert i Baremark-arbeidet. Me såg raskt at her var det kompetanse, arbeidsvilje og motivasjon, seier ho.

At Maksym fekk moglegheita til å vise kva han kunne gjennom språkpraksis og arbeidsutprøving, vart avgjerande. Før han fekk sjansen i Baremark hadde han sendt om lag 30 jobbsøknader lokalt og regionalt utan særleg tilbakemeldingar.

Dette illustrerer korleis samarbeid mellom NAV, Sitep og lokale organisasjonar kan skape konkrete resultat. Gjennom målretta innsats og arbeidsvilje og tillit i lokalsamfunn og frå arbeidsgjevar, har Maksym gått frå å vere arbeidssøkjar til å ha ei sentral rolle i utviklinga av ei ny, lokal vekstbedrift.

Vi ynskjer lykke til vidare! 😃

I dag tek Sogn Opplæringskontor i mot 70 lærlingar til kick-off i Årdal Teknologi- og Næringspark 🎉Velkomne og lykke til...
10/09/2026

I dag tek Sogn Opplæringskontor i mot 70 lærlingar til kick-off i Årdal Teknologi- og Næringspark 🎉

Velkomne og lykke til med starten på lærlingløpet ✨

Tusen takk, Are!Etter ein verdifull periode som mellombels dagleg leiar har Are Indrelid gjeve stafettpinnen vidare. På ...
02/09/2026

Tusen takk, Are!

Etter ein verdifull periode som mellombels dagleg leiar har Are Indrelid gjeve stafettpinnen vidare.

På vegner av Årdal Teknologi- og Næringspark ynskjer me å rette ei stor takk til Are Indrelid for innsatsen han har lagt ned. Styreleiar Geir Hansen trekkjer fram kor viktig Are har vore for verksemda i denne perioden:

«Are har vore ein stor bidragsytar og kome med inspirasjon til tida framover. Han er ikkje berre fagleg svært dyktig, men òg ein lun og triveleg person å ha rundt oss.»

Me er svært takksame for at Are valde å utsetje pensjonisttilværet ei stund for å hjelpe oss gjennom ein overgangsperiode. Heldigvis tek han ikkje heilt farvel, men held fram som ein del av styret i Årdal Teknologi- og Næringspark.

Are sjølv takkar for den gode mottakinga han har fått:

«Eg har blitt teken godt imot i eit inspirerande miljø prega av mangfald, kreativitet og openheit. Eg har likt meg veldig godt og ønskjer dykk lykke til med det spennande arbeidet vidare.»

Tusen takk for samarbeidet, Are. Me ynskjer deg alt godt vidare og ser fram til å ha deg med vidare i styrearbeidet 🚀

Norsk Hydro Årdal Utvikling Årdal Kraftlag As

Foto: Sofie Moen.

Ny dagleg leiar i Årdal Teknologi- og Næringspark✨Møt vår nye daglege leiar, Erling Brækkan, som ser fram til å bli betr...
25/08/2026

Ny dagleg leiar i Årdal Teknologi- og Næringspark✨

Møt vår nye daglege leiar, Erling Brækkan, som ser fram til å bli betre kjend med næringslivet, industrien og kompetansemiljøa i Årdal og i regionen.

– Årdal har ein unik kombinasjon av industriell erfaring, fornybar energi, tilgjengelege areal og innovasjonskraft. Eg opplever at det ligg store moglegheiter i å byggje vidare på dette fundamentet, skape nye samarbeid og bidra til at fleire bedrifter og prosjekt finn vegen til Årdal, seier Erling.

Bli betre kjend med Erling på link i kommentarfeltet 😊

Foto: Sofie Moen.

Vil du bli ein del av den daglege drifta i Årdal Teknologipark? 😍No har du moglegheita til å søke på den ledige rolla so...
10/08/2026

Vil du bli ein del av den daglege drifta i Årdal Teknologipark? 😍
No har du moglegheita til å søke på den ledige rolla som administrasjons- og servicemedarbeidar i 50 % stilling.

Dette er ei stilling med varierte arbeidsoppgåver, og dine ansvarsområde er blant anna å bidra til at besøkande, samarbeidspartnarar og leigetakarar får ei god oppleving.

Les meir på linken i kommentarfeltet og søk sjølv - eller tips relevante kandidatar 😃

29/06/2026

🎉 Nettverkslunsj i Årdal Teknologipark – inspirerande og lærerik dag! 🎉
Den andre nettverkslunsjen i samarbeid mellom Sogn Kompetanse, SITEP og Årdal Utvikling samla 30 deltakarar frå lokalt næringsliv. Fokus denne gongen var mikroplast i fallunderlag på leikeplassar – og korleis vi kan finne betre løysingar.
💡 Biospinout One har saman med SITEP og Årdal utvikling utvikla eit berekraftig fallunderlag laga av resirkulert tre og sopptrådar – heilt utan mikroplast!
Engasjementet var stort, og mange gode spørsmål vart stilte. Tusen takk til alle som møtte opp – vi ser fram til neste samling!
📢 Vil du vere med neste gong? Følg oss for oppdateringar!

I Årdal satsast det! 👏 No har nye Årdal Teknologi- og Næringspark sett dagens lys, med splitter ny nettside!I Gasta har ...
29/06/2026

I Årdal satsast det! 👏 No har nye Årdal Teknologi- og Næringspark sett dagens lys, med splitter ny nettside!

I Gasta har prosjektleiar Emilie Brynjulfsen samarbeidd godt med Astri Øvstetun i Årdal Utvikling for å løfte fram satsinga. Vår designar Hilde Nes har vidareutvikla logoen 🎨 , medan webutviklar Frode Berge har utvikla ny nettside i Squarespace 🖥️

Målet med satsinga er å styrke teknologiutvikling, innovasjon og næringsliv i Årdal.

Gratulerer med nye nettsider, og lukke til med satsinga - vi heiar frå Sogndal 😃

🔗 Besøk gjerne nettsida her: https://www.ardalnaringspark.no/

19/06/2026

Vi tek eit nytt steg for framtida 🚀

Årdal Teknologipark er no ein del av Årdal Teknologi- og Næringspark.

Våre eigarar er Årdal Utvikling, Hydro Aluminium og Årdal Energi Holding, og vi samlar dermed kreftene for å styrke teknologiutvikling, innovasjon og næringsliv i Årdal med ei veksande eigedomsportefølje.

I samband med endringa har vi også lansert ny nettside – ta ein kikk i kommentarfeltet👇

No har 30 deltakarar meldt seg på arrangementet vårt Nettverkssamling: Synlegheit og vertskap på tysdag 16. juni 🥳Vil du...
09/06/2026

No har 30 deltakarar meldt seg på arrangementet vårt Nettverkssamling: Synlegheit og vertskap på tysdag 16. juni 🥳

Vil du melde deg på, du og? Du finn lenkje til påmelding i kommentarfeltet😄

Foto: Sofie Moen.

Frå praksisplass til dagleg leiar for Vivatec i Årdal 💻 Vi held fram med å dele resultata frå samarbeidet mellom Sitep o...
02/06/2026

Frå praksisplass til dagleg leiar for Vivatec i Årdal 💻

Vi held fram med å dele resultata frå samarbeidet mellom Sitep og NAV flyktningtenesta i Årdal kommune og Sogn.

Yuliia Bondar er dagleg leiar i selskapet Vivatec AS, som i dag har to tilsette. Ho kom til Årdal frå Ukraina i september 2023, saman med mannen sin og sonen på tre år.

🟢 Korleis kom du i kontakt med SITEP?

– I september 2023, då vi skulle starte på introduksjonsprogrammet i kommunen, var eg i dialog med Charlotte Skarsbø frå flyktningtenesta. Eg ønskte heller å finne arbeid, sidan eg har gode engelskkunnskapar, fortel Yuliia.
Charlotte organiserte eit møte mellom Frank Øvstetun i SITEP og Yuliia i oktober 2023. Frank var positiv, og ho byrja i praksis. Her brukte ho tida til å lære seg eit nytt programmeringsspråk, Python.

🟢 Korleis blei Vivatec til?

– Frank såg potensialet i å etablere eit selskap som tilbyr programmeringsløysingar for industrien, fortel Yuliia. I desember 2023 starta vi prosessen med å registrere selskapet Vivatec i Brønnøysund, og ved starten av 2024 var alt på plass.

I Vivatec er Yuliia dagleg leiar med ansvar for det administrative, i tillegg til å utvikle nye programvareprodukt. Selskapet har som mål å utvikle avanserte kamerabaserte løysingar for kvalitetskontroll i industrien. Formålet er å erstatte manuelt arbeid, avdekkje og minimere feil i produksjonsliner, og i større grad automatisere produksjonen.

Vivatec er eit oppstartsselskap som har søkt om økonomisk støtte for å satse vidare på produktutvikling. Dei finansielle bidraga kjem frå Innovasjon Norge, Sparebanken Vest, BIO-midlar frå Vestland fylkeskommune og Årdal Utvikling, i tillegg til lønstilskot frå NAV i ein periode.

🟢 Fleire tilsette i Vivatec

Våren 2025 blei Yegor Bondar, svoger og elektronikkingeniør, tilsett i selskapet. Han arbeider primært med hardwareutvikling og designar løysingar frå botn av. Dette har gitt selskapet nye moglegheiter.

🟢 Framtida til Yuliia og Vivatec

– Framover skal vi vidareutvikle prosjektet i nye fasar, noko vi veit vil ta tid. Arbeidet med tre ulike programvaresystem, og å få desse til å kommunisere godt saman, krev fleire testar og forsøk, forklarar Yuliia.
– Vi har også eit nytt prosjekt vi etter kvart skal starte på. No er det viktigaste å sikre finansiering, slik at vi kan vidareutvikle oss og stabilisere drifta for å trygge arbeidsplassane våre i framtida, avsluttar ho.

Følg med vidare for å bli betre kjend med enda fleire som er i ordinær jobb som følgje av samarbeidet mellom SITEP og NAV 👏

Adresse

Verksvegen 5
Øvre Årdal
6884

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Årdal Teknologi- og Næringspark legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Årdal Teknologi- og Næringspark:

Snarveier

Del