Hjartefred

Hjartefred Hjartefred – eit lågterskel samtaletilbod med fokus på kjensler, tankemønster, perspektiv og mental meistring.

16/07/2026
Då har mentaltrenar sommarferie☀️Men det er berre å ta kontakt!
19/06/2026

Då har mentaltrenar sommarferie☀️Men det er berre å ta kontakt!

Eg vil gjerne høyre frå deg!
12/06/2026

Eg vil gjerne høyre frå deg!

Då vil eg ynskje alle ein rikeleg fin 17.mai! Dette er dagen for å slappe av og kose seg med familie og venner.🇳🇴🥳
17/05/2026

Då vil eg ynskje alle ein rikeleg fin 17.mai! Dette er dagen for å slappe av og kose seg med familie og venner.🇳🇴🥳

27/04/2026

Ei lita oppdatering frå meg! Ei lita stund sidan føre videoklipp.

Nyt dagen! Sol er godt for sjela.☀️
27/04/2026

Nyt dagen! Sol er godt for sjela.☀️

Eg vil ynskje alle ei god påske!Eg får heldigvis mange fine og gode tilbakemeldingar på dette prosjektet, noko eg set st...
03/04/2026

Eg vil ynskje alle ei god påske!
Eg får heldigvis mange fine og gode tilbakemeldingar på dette prosjektet, noko eg set stor pris på.

Samstundes har eg òg fått nokre negative kommentarar. Det er sjølvsagt lov å meine noko, men eg synest det er synd – særleg når det kjem frå folk ein elles har hatt ein god tone med.

Eg opplever òg av og til å møte personar som er raske til å dømme, utan at det er noko grunnlag for det. Det er kanskje nettopp difor det er ekstra viktig korleis vi møter kvarandre.

Eg står trygt i det eg gjer, og kjem til å halde fram med det.
Men eg vil seie dette: Det er ein stor forskjell på å vere kritisk og å vere nedlatande.

Eg vil oppmode om at vi prøver å setje oss litt inn i det andre gjer før vi uttalar oss – og at vi møter kvarandre med respekt.

Det kostar så lite å vere grei.

No er eg tilbake frå USA 🇺🇸Eg har brukt dei siste to vekene på å lande litt og kome ordentleg tilbake i flyt igjen.No er...
14/03/2026

No er eg tilbake frå USA 🇺🇸
Eg har brukt dei siste to vekene på å lande litt og kome ordentleg tilbake i flyt igjen.

No er eg klar for nye samtalar og bekjentskap.
Det er berre å ta kontakt om du kjenner at det kan vere rett for deg.

Les meir her: https://hjartefred.no

Eg sit i USA og ser kontrastane. Store gater, sterke inntrykk – og mykje openberr elende. Menneske som lever tøffe liv. ...
23/02/2026

Eg sit i USA og ser kontrastane. Store gater, sterke inntrykk – og mykje openberr elende. Menneske som lever tøffe liv. Skjebner som minner meg om kor tilfeldig mykje av det vi tek for gitt, eigentleg er.

Det gjer noko med perspektivet.

Heime i Noreg klagar vi på vêret, på prisar, på småting i kvardagen. Og ja – livet kan vere krevjande der òg. Men vi har tryggleik. Vi har system som fangar oss opp. Vi har fred. Vi har reint vatn i springen og eit samfunn bygd på tillit.

Ingenting av dette er sjølvsagt. Ver takksam for alt du har!

Då er ein på plass i Los Angeles på ferie! Det er godt for kropp og sjela og byte miljø og klima.🌴 No har eg ikkje konto...
16/02/2026

Då er ein på plass i Los Angeles på ferie! Det er godt for kropp og sjela og byte miljø og klima.🌴 No har eg ikkje kontor lenger på Trico, då kostnaden må matche pågangen av klientar. Uansett, tilbodet er fortsatt oppe og går!

Adresse

Strandgata 15E
Ørsta
6150

Åpningstider

Mandag 16:00 - 20:00
Onsdag 16:00 - 20:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hjartefred legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del