Mosmarka Barnehage

Mosmarka Barnehage 🌿 Trygg og leiken barnehage i Ørsta for store og små.

Vi har fokus på turar i naturen, barns livsmestring, rørsleglede og spennande kvardagsopplevingar 💚 Følg oss her å få innblikk i den kjekke kvardagen vår!

Sommarfest i barnehagen☀️Tysdag denne veka hadde vi sommarfest for alle barna i barnehagen.Dagen starta med eit flott in...
17/06/2026

Sommarfest i barnehagen☀️

Tysdag denne veka hadde vi sommarfest for alle barna i barnehagen.
Dagen starta med eit flott innslag frå storbarnsavdelinga, som hadde førebudd eit barnekor for dei yngste barna og dei tilsette. Barna framførte songane med stor innleving og songglede, og det var tydeleg at dei hadde øvd godt. Vi legg ved ein film frå framføringa, så de kan få høyre kor flinke dei er. Her er det berre å skru opp lyden!🎶

Vidare var dagen fylt med kjekke aktivitetar og mykje leik. Barna kunne kose seg med musikk, såpebobler, ansiktsmåling og mange ulike leikeaktivitetar. Eit av høgdepunkta var tombolaen, der alle barna fekk rulle lodd. Det var stor stas å finne premielodd som kunne bytast inn i ei overraskingsgåve, og mange stolte og glade barn kunne vise fram premiane sine. Til lunsj tende vi grillen og serverte pølser og hamburgarar. Barna fekk sjølve velje kva dei ønskte å ete, og måltidet koste vi oss med ute i barnehagen😄

Sommarfesten vart ei fin markering av endå eit innhaldsrikt og minnerikt barnehageår. Vi ønskjer å takke for alle dei gode, kjekke, morosame, undrande og spennande dagane vi har fått dele saman i Mosmarka barnehage.
Vi ønskjer dykk alle ein riktig god sommar, og gler oss til nye eventyr saman i august!😄💛

I Mosmarka barnehage har både små og store vore med og markert Fotballtrøyefredag🎗️⚽️Barnehagen støtta forsking på barne...
29/05/2026

I Mosmarka barnehage har både små og store vore med og markert Fotballtrøyefredag🎗️⚽️Barnehagen støtta forsking på barnekreft med 50 kroner for kvart barn, forelder og tilsett som møtte opp i fotballtrøye denne dagen.💛

🇳🇴 Hipp hipp hurra for 17. mai! 🇳🇴Tradisjonen tru har vi i dag markert nasjonaldagen i barnehagen – eit av årets store h...
13/05/2026

🇳🇴 Hipp hipp hurra for 17. mai! 🇳🇴

Tradisjonen tru har vi i dag markert nasjonaldagen i barnehagen – eit av årets store høgdepunkt for både små og store før sjølve 17. mai-feiringa.

Dagen starta med eit flott tog rundt boligfeltet, med fane og rosarussen stolt i front. Det vart musikk, heiarop, smil og mange flagg som vaia i vinden. Barna viste stort engasjement, og stemninga var fylt med ekte 17. mai-glede.

Vel tilbake i barnehagen heldt feiringa fram med ulike 17. mai-leikar for både store og små. Dei eldste barna deltok i ei aktivitetsløype med fleire morosame stasjonar, der latteren sat laust gjennom heile dagen. Eit ekstra stort høgdepunkt, for både barn og vaksne, var vår faste tradisjon med å kaste våte svampar på pedagog Jan Egil. Her var svampane ekstra våte, kaste-armane godt oppvarma og latteren på topp!

På småbarnsavdelinga var det ulike leikestasjonar på eige leikeområde. Musikk, såpebobler og teikning med kritt var blant favorittane, og også dei yngste fekk prøve seg på litt svampekasting😄

Til lunsj kosa vi oss med deilige pølser før dagen vart avslutta med besøk av isbilen, der alle barna fekk kjøpe seg is 🍦

Vi takkar for ei fantastisk feiring og ønskjer alle barn og familiar ei riktig fin 17. mai-feiring! 🇳🇴

Påskekyllingar i barnehagen 🐣Vi held fram med den fine tradisjonen vår, og har også i år påskekyllingar i Mosmarka barne...
23/03/2026

Påskekyllingar i barnehagen 🐣

Vi held fram med den fine tradisjonen vår, og har også i år påskekyllingar i Mosmarka barnehage. Kvart år – så framt vi får tak i egg – arbeider vi med eit prosjekt der vi rugar fram kyllingar i barnehagen. Barna får vere med på heile prosessen, frå egg til kylling, noko som gir gode høve til læring, undring og samtalar.

Egga får vi frå lokale leverandørar, og vi passar alltid på at dei som gir oss egg også ønskjer å ta imot kyllingane etterpå. Det er viktig for oss at kyllingane får det godt når påskeferien kjem og dei skal flytte frå barnehagen.

Rugeprosessen er nesten like spanande som sjølve klekkinga. Egga ligg i rugemaskin i 21 dagar, og i denne perioda må vi følgje nøye med på temperatur og fukt. På dag 7 og 14 lyser vi egga for å sjå utviklinga – om dei er befrukta, og om alt går som det skal. Når dag 21 nærmar seg, er både barn og vaksne spente: Kjem det kyllingar? Kanskje ein gul påskekylling?🐣

I år fekk vi heile 17 kyllingar, og den aller første som klekte var faktisk ein gul påskekylling. Etter klekking får kyllingane bu på avdelinga til Småtrolla, der dei har ei trygg og varm kasse med mat og vatn. Etter nokre dagar får barna høve til å helse på, klappe og kose med kyllingane. For mange er dette både litt skummelt, veldig spennande og fullt av glede🤩

Gjennom dette prosjektet får barna erfaringar som gir:
• forståing for liv og utvikling
• tolmod og evne til å vente
• omsorg og ansvar
• nysgjerrigheit og undring
• utvikling av språk og omgrep
• samarbeid og fellesskap
• respekt for natur og dyr

Det er imponerande kor mykje læring som kan kome frå ein liten, mjuk og lodden påskekylling 💛

Barnehagedagen 2026 – Rom for alle💚I dag, 10. mars, markerer vi Barnehagedagen 2026 saman med barnehagar over heile land...
10/03/2026

Barnehagedagen 2026 – Rom for alle💚

I dag, 10. mars, markerer vi Barnehagedagen 2026 saman med barnehagar over heile landet. Årets tema er fellesskap og inkludering, med slagordet «Rom for alle».

I barnehagen er inkludering og fellesskap ein viktig del av det pedagogiske arbeidet vårt. «Rom for alle» handlar om at barnehagen skal vere ein stad der alle barn kjenner seg velkomne, trygge og verdsette. Gjennom leik, felles aktivitetar og medverknad ønskjer vi at alle barn skal oppleve å vere ein del av fellesskapet.

I Mosmarka barnehage har vi markert dagen på ulike måtar. Dei eldste barna har hatt forming, hinderløype, dans og song. Her har fokuset vore aktivitetar der alle kan delta på sin eigen måte, oppleve meistring og kjenne på samhald. Det har vore mykje latter, glede og gode danse moves i løpet av dagen.

Dei yngste har teke barnehagedagen med seg ut. Her har dei mellom anna mala med vassmaling på veggen, vist god bowlingstil, sett etter dyrespor i skogen og blåst STORE såpebobler. Også på småbarnsavdelingane har dagen vore fylt med latter, glede og ein god dose humor.

Inkludering og fellesskap handlar om å leggje til rette for aktivitetar som tek omsyn til at barn er ulike og har forskjellige interesser og føresetnader. Dette er noko vi jobbar med gjennom heile året i Mosmarka barnehage, og derfor synest vi det er ekstra fint at Barnehagedagen i år set fokus på nettopp dette.
Å kjenne at ein høyrer til i fellesskapet, samstundes som ein får vere med og påverke sin eigen kvardag, kan få ein liten kropp til å vokse litt ekstra i løpet av ein dag. 🌟

I dag har vi hatt eit fantastisk karneval i Mosmarka barnehage🎭Karnevalsdagen er noko både store og små gler seg lenge t...
27/02/2026

I dag har vi hatt eit fantastisk karneval i Mosmarka barnehage🎭
Karnevalsdagen er noko både store og små gler seg lenge til. Tenk å få vere superhelt, prinsesse, dinosaur – ja akkurat det ein sjølv ønskjer! Det er ein dag fylt med fantasi, kreativitet og mykje latter.
Barna har kosa seg med frileik i kostyme, dansa på disco, gått catwalk og vist fram dei flotte antrekka sine. Vi har òg ete god mat saman og sjølvsagt slått «katta ut av sekken» – til stor jubel og spenning🤩
Det har vore ein dag fylt med glede, fellesskap og gode opplevingar frå morgon til ettermiddag🎉

Det nærmar seg barnehageopptak, med søknadsfrist 1. mars – og vi ønskjer å vise fram den flotte barnehagen vår og alt de...
24/02/2026

Det nærmar seg barnehageopptak, med søknadsfrist 1. mars – og vi ønskjer å vise fram den flotte barnehagen vår og alt det kjekke vi fyller dagane med 💚

I Mosmarka barnehage har vi fokus på natur, motorikk og vennskap. Hos oss skal barna oppleve ein kvardag der dei blir sett, høyrde og tekne på alvor. Vi legg vekt på å skape ein trygg og god barnehage der kvart barn får utvikle seg i sitt eige tempo, omgitt av varme og tydelege vaksne.

Vi brenn for å skape magi i kvardagen saman med barna. Det kan vere dei små augeblikka – undringa over ein meitemark, gleda ved å meistre noko nytt, eller latteren som sit laust rundt matbordet. Gjennom heile året fyller vi dagane med humor, glede og gode opplevingar som barna tek med seg vidare.

Vi er så heldige å ha den finaste tomta i Ørsta – eit stort og variert uteområde, og naturen som vår næraste nabo. Her får barna utforske, klatre, springe, leike og lære i trygge og inspirerande omgjevnader. Naturen gir rom for fantasi, meistring og ekte opplevingar – kvar einaste dag.

Hos oss får barna ein variert og innhaldsrik kvardag, der leik, læring og vennskap går hand i hand. Vi jobbar for at alle barn skal kjenne på fellesskap, tilhøyrsle og gleda over å vere ein viktig del av gruppa.

Velkomen til Mosmarka barnehage – ein stad der små augeblikk blir til store minne. 💚

Denne veka har vi i Mosmarka barnehage markert samenes nasjonaldag med varierte og lærerike aktivitetar gjennom heile ve...
06/02/2026

Denne veka har vi i Mosmarka barnehage markert samenes nasjonaldag med varierte og lærerike aktivitetar gjennom heile veka. Frå dei eldste til dei yngste har barna fått kjennskap til samisk kultur og tradisjonar, mellom anna det samiske flagget, samisk mat og ulike samiske eventyr😊

Det har vore ei innhaldsrik og kjekk veke for både store og små😄

Siste åra har Øvretrolla hatt motsatt julekalender der borna har levert frå seg leiker/kle dei har vakse ifrå til Røde K...
22/12/2025

Siste åra har Øvretrolla hatt motsatt julekalender der borna har levert frå seg leiker/kle dei har vakse ifrå til Røde Kors. 19.desember var dei nede og leverte fra seg gåvene slik at Røde Kors kan gi dei vidare til nokon som treng ei ekstra oppmuntring til jul🎅✨

Nissefest i barnehagen🎅😄Kvart år har vi nissefest for alle barna i barnehagen. Vi pyntar oss med nissehue, har disko, ni...
22/12/2025

Nissefest i barnehagen🎅😄
Kvart år har vi nissefest for alle barna i barnehagen. Vi pyntar oss med nissehue, har disko, nissegraut og sjølvsagt kjem julenissen på besøk🎅 Han har med ei lita gave til alle barna, stor stas 😄

Adresse

Remebakken 2A
Ørsta
6152

Åpningstider

Mandag 07:00 - 16:45
Tirsdag 07:00 - 16:45
Onsdag 07:00 - 16:45
Torsdag 07:00 - 16:45
Fredag 07:00 - 16:45

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Mosmarka Barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del