07/06/2025
I barnehagen arbeider me tverrfagleg. Ein dag på undretur kan ofte femne om både fysisk aktivitet, kunnskap om lokal kultur og natur, matematiske omgrep, bygging av relasjoner og vennskap, den gode samtalen, utfordringar, samarbeid, felles aktivitetar, meistring, song, leik og læring.
I Lurivarklubben har me lært om Ivar Aasen og at han var glad i å sortere blomar, presse dei og lage herbarium. På tur denne veka leitte me etter blomar i ulike fargar. Alle plukka med seg nokre blomar kvar, nokre ein bukett.💐 Me brukte Venn-diagram til å samanlikne blomane og fann like og ulike ting med dei. Me undra oss ilag over form, farge og storleik.
På turen såg me også spor etter ekorn, gjekk til ein kjempestor foss og sprang slalom mellom grantrea. "Wow, her va det veldig fint!, " sa eit av borna då me gjekk forbi nokre andre små fossar og ei rennande, stor elv midt i den grønaste skogen
🌸💚🤍💜🩷💛