02/12/2025
I november har førskulegruppa holdt på med kunstprosjekt til utstilling på Aasen-tunet.
Boka vi har jobba ut i frå heiter “STOR” av Martine Grande.
Boka handlar om ei storesøster som gjerne skulle ha vore større enn ho er, og alt ho vil gjer når ho blir stor. Men er det alltid så kjekt å bli stor? Og kan ein føle seg liten sjølv om ein er blitt stor?
Saman med borna har vi lest boka både fysisk og digitalt. Borna har vore med i prosessen heile tida, då det skal vere deira arbeid som skal stillast ut. Gjennom samtale med borna har dei fått velje ut kva dei kunne tenke seg å lage, og ut i frå ønska såg vi som vaksne kva som var mogleg å gjennomføre.
Dei aller fleste av borna ville lage dyr, og vi endte opp med å lage rommet til storesøster med alle dyra ho ville fylle det med. Borna har fått velje materiale sjølv, ut i frå det vi har tilgjengelig i barnehagen. Dei har mala, limt, klipt, veva, teikna mm.
Vi har ikkje berre laga kunstprosjekt, men jobba med boka på fleire måtar. Og alle ideane er henta ut i frå boka.
Borna blei spurt ein og ein om kva dei kunne tenke seg å bli når dei blir store. Dei har fått sjølv valgt bilete av yrket dei valgte, og har klipt og lima sjølve.
På kjøleskapet laga vi høgdemålar, å måla høgda til borna.
Etter at kunsten var levert på Aasen-tunet, feira vi med pannekakefest som også er ein del av boka. “Når eg blir stor, er eg så svolten at eg et tusen pannekaker til middag. Eg bestemmer sjølv kor mykje sukker eg skal ha”. Her må det seiast at det blei litt begrensingar på sukker😃
Måndag 1.desember blei vi invitert til Aasen-tunet for opning av kunstutstillinga. Vi tok buss til og frå, fekk høyre boka, sjå på andre sine kunstverk og fekk oss kakao. Tre av borna fekk vere med på snorklipping med tilhøyrande gullsaks.
Ein veldig kjekk dag, og eit veldig kjekt prosjekt.