Sæbø skule

Sæbø skule Heimesida: https://sites.google.com/orstaskulen.no/sabo/framside

Denne sida skal ikkje verte brukt til noko form for diskusjon.

Alle kommentarar av denne typen vert sletta. Ulike problemstillingar skal takast opp med personalet eller rektor direkte.

Denne veka har elevane på 6. og 7. trinn vore med på «Hopp for hjertet» i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. De...
08/05/2026

Denne veka har elevane på 6. og 7. trinn vore med på «Hopp for hjertet» i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Det har vore ei aktiv og kjekk veke med mykje rørsleglede! 😊

Elevane har lært nye leikar og triks. I tillegg har dei leita fram gamle tauleikar som mange kunne frå før. Det har vore flott å sjå engasjement, samarbeid og gleda i aktivitetane.

Idag hadde 6. og 7. klasse eit kjekt og lærerikt besøk av Eltilsynet og Ørsta brann og redning 🧑‍🚒👨‍🚒🚒. Elevane lærte kv...
05/05/2026

Idag hadde 6. og 7. klasse eit kjekt og lærerikt besøk av Eltilsynet og Ørsta brann og redning 🧑‍🚒👨‍🚒🚒. Elevane lærte kva dei kunne gjere for å førebyggje brann, og kva som er vanlege brannfeller i heimen. Dei lærte også korleis ein handterer eit brannsløkningsapparat og fekk prøvd det i praksis 🔥🧯.

Det er ikkje berre elevane som synest det er kjekt å reise til Bjørke. I dag var det også mange turistar som tok turen f...
30/04/2026

Det er ikkje berre elevane som synest det er kjekt å reise til Bjørke. I dag var det også mange turistar som tok turen for å sjå den fine fjorden vår🌅⛰️

Dette skuleåret har vi i 1.-3.klasse prøvd oss på "Opa scene", der elevane får melde seg på og vise fram eit sjøvvalt in...
27/03/2026

Dette skuleåret har vi i 1.-3.klasse prøvd oss på "Opa scene", der elevane får melde seg på og vise fram eit sjøvvalt innslag. Vi har fått sett og høyrt alt frå song til pianospeling, dans og turn, vitsar og tryllekunstar, kule steinar, flotte legokreasjonar og bokmeldingar -blant anna. Ein flott måte å øve seg på både det å stå framfor klassa, og det å vere eit godt publikum. Nokre heldige vaksne på skulen har også fått billett til showet vårt. I dag var vi også så heldige å få eit gjesteinnslag frå ein kjekk 8. klassing som drog i gong allsong.

Tysdag kosa vi oss skikkeleg på skøyteisen på Vatnevatnet ⛸️✨Her var det full fart, latter i lufta og masse meistring fr...
06/02/2026

Tysdag kosa vi oss skikkeleg på skøyteisen på Vatnevatnet ⛸️✨
Her var det full fart, latter i lufta og masse meistring frå start til slutt 🩵
Store smil, raude kinn og ekte vinterglede, for ein herleg dag vi fekk saman! ❄️

Tradisjonen tru 1. desember; utdeling av peparkake og varm saft til alle. Takk til BFUL som sponsa oss slik vi kan halde...
01/12/2025

Tradisjonen tru 1. desember; utdeling av peparkake og varm saft til alle. Takk til BFUL som sponsa oss slik vi kan halde på koselege juletradisjonar i desse krevjande økonomiske tider.

VALFAGFredag var ein litt spesiell dag for 1.-3. klasse, dei fekk nemleg prøve seg på valfag. På førehand var dei presen...
14/11/2025

VALFAG
Fredag var ein litt spesiell dag for 1.-3. klasse, dei fekk nemleg prøve seg på valfag. På førehand var dei presenterte for dei 3 faga dei kunne velje mellom: kunst- og handverk, tur i nærområdet og programmering. Målet var å gje elevane moglegheit til å gjere sjølvstendige val, kjenne på medverknad i skulekvardagen, oppleve meistring og ha det kjekt i lag med kvarandre på tvers av klassene. Elevane skulle rangere valfaga i samarbeid med sine føresette, og så vart dei delt inn i grupper. Det var veldig kjekt at nesten alle fekk førstevalet sitt.

Turgruppa gjekk til Ugleskogen, der elevane fekk prøve seg på spikking. Dei kosa seg rundt bålet, med varm drikke og niste som kunne varmast på bålet. Kjekt å ake på rompa og rulle litt i snøen som kom i dag. Berre smil og raude kjakar å sjå då dei kom tilbake til skuleslutt.

Dei som var på kunst- og handverk fekk velje mellom ulike aktivitetar der; perling, teikning, maling, origami, klipping og liming. Mykje kreativitet og fine kunstverk å sjå der.

Programmeringsgjengen byrja med å programmere læraren til å bevege seg til riktig plass i rutenettet, så kvarandre, før dei gruppevis skulle flytte ein figur til riktig plass i rutenettet, berre ved bruk av kommandoer. Dei spelte eit dataspel som lærte dei om koding, før dei avslutta med dei kjekke "BeeBotane" våre - figurar som heilt på ekte blir koda til å gå dit elevane gjev instruksar om å gå.

Ein veldig kjekk dag, som vi gler oss til å gjenta😁

«F**k cancer»-dagane 2025! 💚💙❤️🧡🩷Onsdag kveld samla elevar, foreldre og lærerane på ungdomsskulen seg til perleworkshop ...
18/09/2025

«F**k cancer»-dagane 2025! 💚💙❤️🧡🩷
Onsdag kveld samla elevar, foreldre og lærerane på ungdomsskulen seg til perleworkshop for å støtte og sitt arbeid ved å perle «f**k cancer»-armband. Armbanda vil bli solgt i Kreftforeningen sin nettbutikk.
Vi vil takke alle som stilte opp for å perle og som kjøpte armband👏🏻
Det er framleis høve til å kjøpe armband, dersom fleire vil støtte ei god sak, kom innom admin-bygget eller ta kontakt med skulen for å kjøpe! (Restlageret leverast til Kreftforeningen i veke 40)

12/09/2025
I dag har vi hatt ein fantastisk turdag for alle ti klassene. Mange la bak seg både kilometer og høgdemeter, og nokre fe...
28/08/2025

I dag har vi hatt ein fantastisk turdag for alle ti klassene. Mange la bak seg både kilometer og høgdemeter, og nokre fekk seg ein tur med båt på fjorden. Her var det meistring og glede på alle nivå, for alle våre store og små. Knallvér og fantastisk stemning!🫶🏼⛰️🌞

I dag var heile skulen samla i gymsalen til avslutningsfest for 10. klasse. Det vart ei fin stund med programinnslag frå...
20/06/2025

I dag var heile skulen samla i gymsalen til avslutningsfest for 10. klasse. Det vart ei fin stund med programinnslag frå alle klasse og tilsette.

God sommar☀️☀️☀️

Adresse

Ørsta
6165

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sæbø skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Sæbø skule:

Snarveier

Del

Type