15/06/2026
Gode Malin Therese❤️
Kvar morgon blir Malin Therese Tufte Øye møtt av 28 god morgon-smil på Ølen skule. Det er ein av mange grunnar til at ho meiner læraryrket er verdas finaste jobb.
– Eg er så heldig, fortel ho stolt.
🌟 Det var likevel ikkje heilt denne vegen ho såg føre seg først. Opphavleg ville ho studera sosialantropologi.
– Eg fann ut at det var ein ganske umogleg ting å få jobb innan, seier ho og ler.
🌟 Løysinga vart læraryrket.
– Eg fann jo ut at eg kunne forska like mykje på folk i skulen som eg kunne gjort som sosialantropolog.
Det er sagt med glimt i auga, men det ligg også noko djupare bak.
For Malin Therese er oppriktig fascinert av menneske, relasjonar og det som skjer når nokon blir sett, forstått og får tru på seg sjølve.
🌟 Ho er open om at ho har ADHD. I dag ser ho det også som ein styrke.
– Eg veit faktisk korleis det kjennest når det kriblar i kroppen, og kor vanskeleg det kan vera å halda fokus.
Eigen skuletid var ikkje alltid enkel, men to lærarar på ungdomsskulen gjorde ein stor skilnad.
– Dei såg meg. Dei tok seg tid, snakka med meg, var medmenneske og møtte meg på likt nivå.
Dei fann også noko heilt konkret å møtast i: musikken.
– Me hadde same musikksmak, og det blei ein fellesnevnar. Då skjønte eg etter kvart at sjølv om ting er vanskeleg, så kjem det til å gå bra.
Kanskje er det difor ho sjølv er så oppteken av å vera den læraren som ser.
– Det å få vera den personen for ein elev, det betyr mykje.
🌟 I klasserommet brukar ho kreativitet og innleving.
Undervisning om svartedauden vart til rollespel inspirert av Dungeons and Dragons.
– Dei blei så engasjerte at dei kanskje faktisk blei litt for engasjerte, seier ho og ler.
– Me må bruka alle sansane når me lærer. Då skjer det noko. Eg blir så glad når eg ser at ein elev forstår noko, eller knekkjer ein kode. Det er ein heilt unik jobb å ha.
🌟 Også arbeidsmiljøet snakkar ho varmt om.
– Me spelar på kvarandre sine styrkar og lener oss på kvarandre på ein god måte. Eg kjenner meg møtt her.
For Malin Therese er skulen ein stad der ho får bruka kreativiteten, empatien og erfaringane sine – og kvar morgon blir minna på kvifor ho valde akkurat dette livet.
(Du kan lese heile historia om Malin via lenkja i kommentarfeltet)