Solevåg skule

Solevåg skule

Del

Barneskule i Sula kommune. Ca 180 elevar (h2025)
Solavågseidet 57
6034 Eidsnes.

29/05/2026

⚽️ Fotballtrøyedag på skulen og SFO! ⚽️

I dag har både elevar og tilsette på skulen og SFO markert fotballtrøyedagen.

Ha ei riktig god helg ⭐️

Photos from Solevåg skule's post 29/05/2026

I årets kokkekamp har vi fått smake både kylling quesedilla, ulike pastarettar, cookies, kake, muffins og ikkje minst vinnarretten som var pizza og ein eigen vri av banansplitt. Gratulerer til vinnargruppa; Håkon, Sophie, Rebekka og Nora. 🍕🍌👩🏼‍🍳 Godt jobba med vel gjennomført kokkekamp til alle på 6. trinn. 👏

28/05/2026

I 2B har vi vore så heldige å få besøk av to elevar frå Langevåg skule i arbeidspraksis hos oss😀 Takk til Sofie og Lilje for veldig god innsats desse to dagane! Det har vore heilt supert med ekstra hender i klasserommet 💕og i leik på uteskuledagen vår💕

21/05/2026
Photos from Solevåg skule's post 13/05/2026

I dag har vi gått i prøvetog til 17. mai 🇳🇴
Ein flott bukett med elevar, og ekstra kjekt at førskulebarna ville vere med oss i dag!

Etterpå samla vi oss i skuleplana, der alle elevane fekk pølse i brød og is til dessert.
Ei fin stund saman før den store dagen, hipp hipp hurra! 🥳

Photos from Solevåg skule's post 30/04/2026

I dag avslutta vi bokveka med ei skulevandring, der kvar klasse gjekk innom dei andre klasseromma for å sjå kva dei andre har arbeida med denne veka. Her var det mykje godt arbeid, både teikningar/måleri, tryllestavar, fjærpennar, magisk medisin, Galtvort i minecraft og magiske skapningar. I tillegg hadde 2. trinn ei fantastisk samlingsstund til slutt, med magi og troll som tema. For ein kjekk måte å avslutte ei slik veke på. Håper alle får ei fin langhelg, fylt med magi. 🌟

Photos from Solevåg skule's post 29/04/2026

🌸 Den store SFO-dagen 2026 🌸

For ein fantastisk dag vi har hatt på Solevåg SFO! ☀️

Barna har fått kose seg med leik, aktivitetar og god stemning gjennom heile dagen. Det var stor jubel då vi køyrde i gang fotballkamp med vaksne mot barn, det var populært! ⚽😄

I tillegg har det vore:
🌭grilling
🎨 kreative aktivitetar og ansiktsmaling
🫧 leik og frilek ute
🍦 is og musikk
🧸 ha med dag

Vi er stolte av ein dag fylt med glede, samarbeid og fine augeblink 🌸

Tusen takk til både barn og tilsette som bidrog til å gjere dagen så kjekk 💛

Photos from Solevåg skule's post 29/04/2026

Bokveka er godt i gang, og elevane på storskulen har Harry Potter som tema. 6. trinn har forvandla klasserommet til Galtvort, og starta veka med å bli delt inn i dei fire husa av valghatten. Utover veka har dei arbeida med ulike oppgåver, der dei har samla poeng til husa sine. Dei har blant anna laga kvar sin tryllestav, og skrive ein eigen trylleformel til. 🪄

Alle elevane på skulen er også med i ein lesekonkurranse denne veka, og fleire av elevane bruker all ledig tid til å lese for å samle flest mogleg minutt med lesing. Så langt har det vore ei kjekk veke som har engasjert til både magi, fantasi og lesing. 📖

27/03/2026

🐣 Påskebesøk! 🐣

Påskekyllingen har vore innom alle klassane og spredd glede og god påskestemning 💛
Mange spekulerte på kven det var… men det får vere ei lita påskehemmeligheit 🤫

God påske til alle! 🌼🐥

26/03/2026

2.trinn tok ein tidleg påskelunsj ute i dag💛 Vi tente opp bål og elevane grilla pølser, hamburger og avslutta med marshmallows😀
Til drikke blei det bjørkesaft👍
Elevane fant også eit dyreskjelett på turen i dag, som dei raskt fant ut stamma frå eit pinnsvin. Ein superduper uteskuledag💛

Vil du plassere din skole på toppen av Skole-listen i Ålesund?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Type

Telefon

Adresse


Ålesund
6037