Stokke og Vik skole

Stokke og Vik skole

Del

Stokke og Vik skole ligg på Ellingsøya. Vi er ei verksemd, fordelt på to bygg.

Photos from Stokke og Vik skole's post 16/05/2024

Den siste veka har vore prega av ulike førebuingar til 17.mai på Stokke og Vik.

Veka vart avslutta med tog og sang for 1.-3.kl. Toget stoppa ved Fredheim, og tok også turen oppom barnehagen 🇳🇴

På Vik hadde dei leikar i ekte 17.mai-ånd. Elevane sprang
60 meter og dei deltok i godt, gammaldags potetløp. Dei kasta erteposar, gjennomførte ei løype med sparkesykkel og dei hadde «slå inn spiker-konkurranse».

Med desse bileta frå skuledagen på Stokke og Vik ønskjer vi alle ei riktig fin feiring av nasjonaldagen vår! 🇳🇴🇳🇴

Photos from Stokke og Vik skole's post 02/05/2024

Spennande dag for både store og små når haustens 1.klassingar var på besøksdag på Stokke. Elevane i 3.klasse stod for mat, og dei serverte pastasalat. Mykje god leik når elevane frå 1.-3.kl fekk tilbringe nokre timar saman med neste års 1.klasse.

På Vik stod matematikkdag på agenda. Også dette i aldersblanda grupper. Elevane var innom 5 ulike stasjonar. Tema på stasjonane: Statistikk, 3D- figurar, konstruksjon, areal og omkrins og tid. Ikkje verst med finevêr når ein skal ut og måle ulike område ☀️☀️

Photos from Stokke og Vik skole's post 26/04/2024

Idag har 5.klassa vår delteke i Super:bit- konkurranse på Atlanterhavsparken. Dette er ein kodekonkurranse for skular over heile landet, der ein programmerer med Micro:bit🎮 Elevane skal i konkurransen løyse oppdrag og kome seg gjennom hinderløyper.

Elevane våre la inn ein fantastisk innsats gjennom heile dagen😊 Oppgåvene var vanskelege, men elevane gav seg ikkje før tida var ute, og dei enda med gode resultat😊

To av laga fekk ein delt 2.plass i konkurransen!

Vel blåst!

13/04/2024
06/03/2024

5. trinn arbeider for tida på med programmering. Dei har lært å programmere micro:bit og kobla det til ein bil: Bit:Bot. Denne kan ein styre og koble på lys. I dag lærte elevane å kjøre med linjesensor. 👍🚗

Photos from Stokke og Vik skole's post 14/02/2024

Vel blåst sjakkturnering!

Gjennom dei siste vekene har elevane lada opp til felles sjakkturnering på Vik. Ein har gått gjennom fleire leksjonar for å lære reglar, og elevane har øvd klassevis.

Idag var det tid for turnering i kulturrommet vårt.
Ein elev frå kvart trinn representerte til slutt 1.-4.plassen.

Kjekk aldersblanda dag rundt sjakkbretta!

Photos from Stokke og Vik skole's post 25/01/2024

100-dagarsfest🎉🎉🎉

I dag har 1.klasse feira at dei har gått 100 dagar på skulen🥳 Vi har hatt stasjonar der talet 100 var tema, laga "100 gonger smartere"-krone og kosa oss med film og popcorn😀 Alle elevane fekk utdelt diplom for vel gjennomførte 100 dagar på skulen.

«Og i morgon, då er vi på dag 101», konkluderte ein av 1.klassingane våre. ❤️

Skoleelever i Ålesund har tegnet bybrannen 20/01/2024

Ålesund sentrumsforening inviterte 4.klassa vår til å delta på ein teiknekonkurranse med tema Bybrann. Dette takka vi sjølvsagt ja til. Du kan sjå teikningane på Ålesund bibliotek fram til 26.januar ❤️

Skoleelever i Ålesund har tegnet bybrannen I forbindelse med Bybrann markeringen har Ålesund Sentrumsforening invitert 4. klassinger ved alle skolene i Ålesund til å stille ut tegninger på Ålesund bibliotek.

Photos from Stokke og Vik skole's post 17/01/2024

Fart og spenning då begge avdelingar brukte aktiv læring til vinteraktivitetar idag. Kjekt med aking og ski, og godt med varme frå bål, grilling av pølser og kakao i kulda. Det er flott å få brukt uteområdet og nærområdet slik. ❄️❄️

5.klasse brukte dagen på Verkstad Da Vinci i Ålesund. Her fekk dei lage keramikkgjenstandar og produsere musikk.

Aktiv dag på Stokke og Vik❄️💙

Photos from Stokke og Vik skole's post 20/12/2023

Då er det blitt juleferie.

Vi legg bak oss ei fin adventstid, med kjekke aktivitetar både klassevis, på tvers av klasser og på tvers av dei to bygga våre. 🎄

Vi kan nemne blant anna julegløgg, julegraut, baking, juleverkstad, nissemarsj, fin sang på Fredheim og fine adventsstunder i klasserommet. På Vik arrangerte Leikepatruljen ei spennande kanonball-turnering for 4.-7.klasse. Den 12. samla vi oss til ein flott julefest i hallen, der elevane fekk vist fram eit imponerande program. Takk til FAU for samarbeidet omkring denne kvelden!

Idag kom sjølvaste nissen på besøk for å dele ut julegodteri til elevane våre. 🎅🤶 Takk for besøket, nissefar!

Takk til føresette for samarbeidet denne hausten.

Vi ønskjer alle ei riktig god julefeiring! 🎄🎄🎄

Photos from Stokke og Vik skole's post 17/11/2023

4.klasse starta dagen med ei fin frukoststund denne fredagen. Elles nærmar desembermånad seg, og vi har så smått starta førebuing til julefest.
Elevane gjer litt «research» til underhaldning, samt øving både klassevis og på tvers. På Vik var det «kor-i-dor»-øving denne fredagen.
God helg til alle og einkvar! 🎶

Photos from Stokke og Vik skole's post 10/11/2023

Vi ønskjer 7.klasse, aka «Reading panthers», lukke til med First Lego League i morgon. Dei har arbeidd kjempegodt, både små og store, for å kome i mål til finalen.

Vil du plassere din skole på toppen av Skole-listen i Ålesund?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Telefon

Adresse


Ålesund