Vestre Slidre skule

Vestre Slidre skule Vestre Slidre skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule.

4.klasse er veldig heldige, og får koma til Brennabu ein skuledag på våren. Vi fekk lære om stølskultur, -frå spenevarm ...
19/06/2026

4.klasse er veldig heldige, og får koma til Brennabu ein skuledag på våren. Vi fekk lære om stølskultur, -frå spenevarm mjølk til rømme. Og opplegget 61º nord, med varierte og artige oppgåver.

19/06/2026

☀️ Sommer, sol og leseglede! Minn både elever og foreldre om hvor viktig det er å lese, også når skolen tar pause.

Når voksne viser interesse for lesing, smitter det over på barna. Ferien er en gyllen mulighet til å dyrke leseglede, og her spiller foreldre en nøkkelrolle! 🔑

Sjekk ut lesekampanjen Sommerles 📚 Flere råd om lesing finner du i kommentarfeltet 👇

Vestre Slidre Jeger og fiskarlag og Fjelloppsynet i kommuna arrangerte måndag fiskedag ved Buaråne for elevane i 6.klass...
18/06/2026

Vestre Slidre Jeger og fiskarlag og Fjelloppsynet i kommuna arrangerte måndag fiskedag ved Buaråne for elevane i 6.klasse. Vi hadde ein fin dag der elevane fekk delta på garnfiske, fiske med stong og sløying av fisk. Elevane fekk ein del fisk i garna, slik at dei fekk smake fersk, nygrilla fisk til lunsj. Elevane var godt fornøgde med dagen!🎣🤩

Tradisjon tru har 1.kl hatt tradisjonsmusikk som tema på vårparten.🌿🎻🎶 Dei har hatt besøk av utøvande musikarar frå skul...
17/06/2026

Tradisjon tru har 1.kl hatt tradisjonsmusikk som tema på vårparten.🌿🎻🎶 Dei har hatt besøk av utøvande musikarar frå skulen vår, sunge mange småstubbar på Valdresdialekt og på sommarfesten song dei på scena.🤩

🚲⛺️ Tysdag til onsdag hadde 6. klasse ein fantastisk sykkel- og telttur til Viksyndin.Sjølv om sykkelturane var lange og...
04/06/2026

🚲⛺️ Tysdag til onsdag hadde 6. klasse ein fantastisk sykkel- og telttur til Viksyndin.

Sjølv om sykkelturane var lange og til tider slitsame, viste elevane stor innsats og opplevde mykje meistring undervegs. Det var leik og aktivitetar ute, medan kvelden i telta var fylt med gode samtalar, latter og sosialt samvær.

Turen gav mange gode minne og styrka klassefellesskapet. Tusen takk til alle foreldra som var med og gjorde turen så fin! 🤩

Måndag 8. juni frå klokka 9.00-12.15 skal elevane i 5. klasse selje blomane og grønsaksplantene dei har dyrka fram i vår...
04/06/2026

Måndag 8. juni frå klokka 9.00-12.15 skal elevane i 5. klasse selje blomane og grønsaksplantene dei har dyrka fram i vår🌸🪴. Dersom de vil kjøpe, har dei sal utenfor Kiwi Røn og Coop Slidre😊

6. klasse har hatt kokkekamp i dag. 🧑‍🍳🧑‍🍳Mykje god mat vart servert av flinke elevar!
01/06/2026

6. klasse har hatt kokkekamp i dag. 🧑‍🍳🧑‍🍳Mykje god mat vart servert av flinke elevar!

Ei helsing frå 7. klasse som er på Kruge Leirskule denne veka! Så langt har vi mellom anna vandra Hvasser rundt, sett på...
20/05/2026

Ei helsing frå 7. klasse som er på Kruge Leirskule denne veka! Så langt har vi mellom anna vandra Hvasser rundt, sett på livet i fjæra og i morgon står viking-dag på planen. Vi kosar oss på tur🤩

I går var det ein stor dag for elevane i 3. klasse! 🐣 Etter 23 dagar kom endeleg kyllingane vi har ruga fram i rugemaski...
05/05/2026

I går var det ein stor dag for elevane i 3. klasse! 🐣 Etter 23 dagar kom endeleg kyllingane vi har ruga fram i rugemaskina.

Elevane har skrive loggbok kvar dag for å følgje utviklinga, og dei har hatt kvar sin dag med ekstra ansvar gjennom heile perioden.

Foreløpig har vi 16 små kyllingar som pip rundt i klasserommet og held oss med selskap 🐥
Elevane har òg laga kyllinghus i kunst og handverk.

Gjennom dette prosjektet har elevane fått lære om livssyklus, ansvar og samarbeid.
Det har vore og er eit lærerikt og engasjerande arbeid, som skapar mange fine samtalar i klasserommet💛

I går hadde småsteget matematikkdag med fokus på aktive læringsrom🫶
30/04/2026

I går hadde småsteget matematikkdag med fokus på aktive læringsrom🫶

Adresse

Slidrevegen 17
Volden
2966

Åpningstider

Mandag 08:45 - 14:45
Tirsdag 08:45 - 14:15
Onsdag 08:45 - 14:45
Torsdag 08:45 - 14:45
Fredag 08:45 - 14:45

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestre Slidre skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Vestre Slidre skule:

Snarveier

Del