08/01/2025
FEILFRI LÆRING
Dette er noko nytt eg har høyrt om i 2024: Feilfri Læring. Seriøst, tenkte eg, er det mogeleg?
Men det er det, når eg søkjer på Google, så finn eg det, mange vel kjende aktørar nyttar dette begrepet, berre søk så finn de det!
Slik eg forstår det så ligg teorien om dynamiske system til grunn for dette. Menneskekroppen er eit dynamisk system, og noko av det som kjenneteiknar oss menneske er at vi lett dannar vanemønster, og det skal vi være glade for, oppgåver blir automatiserte. Har du lært å sykle så kan du det!
Så er det også slik at vi også lett danner vanemønster som er feil og ofte må avlærast. Eksempel kan være at du skadar foten, begynner å halte for å avlaste/hindre smerte. Seinare kan det oppstå smerter ein annan stad i kroppen, eksempelvis hofte eller kne på den andre sida. Så må ein avlære denne feilstilling etter kvart.
Når begrepet Feilfri Læring er er nytta innafor det spesialpedagogiske fagfeltet så er det nok i aller beste meining for å unngå innlæring av vanemønster som er feil og må rettast opp.
MEN, slike metoder krev eit vist kognitivt nivå, barna må være "skolemodne" dvs dei er undervisbare. Barn på låge funksjonsnivå lærer gjennom sin eigen aktivitet ut fra det nivået dei har. Det som er viktig for denne gruppa er at dei er grundig kartlagde, og har fått eit læringsmiljø dei kan utvikle seg i. Dette er kjernen opplæringssystemet Aktiv Læring.
Babyen på biletet under må kunne spre ut fingrane før kan kan klare å gripe om ringane. Så enkelt er det! Dette er i beate forstand Feilfri Læring!