Kulturskulen er eit viktig tenestetilbod i Valle kommune. Vi er ein stor kulturskule i ein liten kommune! Vi gir gratis gruppetilbud for alle 3-7-åringar i barnehage- og sfo-tid, og til bebuarar på aldersheimen. Lærarane sitt fokus er opplæring tilpassa den enkelte elev, speleglede og trivsel. Det er viktig at eleven både øver og møter til timar, og at foreldra støttar opp om kulturskulen sine aktivitetar. Valle kulturskule ønskjer å ha eit godt samarbeid mellom lærar, elev og foreldre, og set pris på innspel frå foreldra. REGLAR OG RETNINGSLINJER:
Eleven får melding om tilbod om plass før skulestart. Kulturskuleåret følgjer i prinsippet skuleruta, og skulen sine feriar og fridagar. Enkelte typar undervisning kan bli periodesert, etter avtale. Noko tid blir også bli sett av til samspel og prosjekt. I nokre tilfelle vil undervisninga kunne gå føre seg i små grupper, etter avtale med den enkelte elev. Ein del nybyrjaropplæring vil også kunne bli gitt i grupper. Det er pliktig oppmøte. Fråvær skal varslast. Kontinuitet er nødvendig for å få god kontakt mellom elev og lærar, og god fagleg utvikling. Det er dessutan viktig å tenkje på at kulturskulen er ein arbeidsplass, og at lærarane førebur kvar einaste time, kvar veke, gjennom heile skuleåret. Ein ønskjer derfor å understreke at fråvær skal varslast. Ugrunna fråvær kan føre til at eleven mistar plassen. Plassen gjeld for eitt skuleår, men kan, i særlege tilfelle, seiast opp i løpet av året. Oppseiing skal skje skriftleg til leiar for kulturskulen eller til [email protected]. Det er 50 % søskenrabatt (gjeld ikkje dans, band og anna gruppe-undervisning). Ved fleire enn eitt instrument betaler ein full avgift for kvart instrument. Under arrangement i regi av kulturskulen tek vi ofte bilete/film til ulike føremål (avis, heimeside m.m.). Vi bed foreldra varsle dersom dei ikkje vil at barnet deira skal takast bilete av. Kulturskulen er ein ressurs i lokalsamfunnet. Vi arrangerer eigne konsertar og Ungdommens kulturmønstring, og tek i tillegg på oss eksterne oppdrag.