Vang barne- og ungdomsskule

  • Home
  • Vang barne- og ungdomsskule

Vang barne- og ungdomsskule Dette er Facebooksida til Vang barne- og ungdomsskule. Sida blir styrt av valfag media og informasjo

Førre veke hadde 1. klasse bamsesjukehus. Her var det fokus på leik og kreativ skriving. Elevane undersøkte bamsen, tok ...
22/04/2026

Førre veke hadde 1. klasse bamsesjukehus. Her var det fokus på leik og kreativ skriving. Elevane undersøkte bamsen, tok røntgen, la på bandasje og gav sprøyte. Dei blanda medisin, skreiv epikrise og var på sjukehuscafe. Ein spennande dag for store og små.

Vi ledige stillingar som fagarbeidar neste skuleår.
20/02/2026

Vi ledige stillingar som fagarbeidar neste skuleår.

Er du flink med barn og ynskjer å arbeide som barne- og ungdomsarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule? Vi søkjer no etter fagarbeidarar frå hausten 2026,

Fleire ledige faste og vikarierande stillingar på VBU neste skuleår. Søk deg til oss!
20/02/2026

Fleire ledige faste og vikarierande stillingar på VBU neste skuleår. Søk deg til oss!

Er du vår nye kollega? Frå skulestart haust 2026 har me ledig fleire lærarstillingar, både faste og mellombelse.Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert

Fysisk aktiv læring, lesing og skiglede! I desse dagar gjennomfører 1.-7.klasse OL- i lesing, der vi les oss framover i ...
13/02/2026

Fysisk aktiv læring, lesing og skiglede!

I desse dagar gjennomfører 1.-7.klasse OL- i lesing, der vi les oss framover i ei 5-mil på ski. Vi les på ulike måtar, og i dag las 2.klasse ute på Vangsmjøsa. Dei gjekk ei løype på ski der dei skulle lese om ulike dyr, og så måtte dei hugse navna på alle dyra da dei kom i mål. Etter målgang venta varm saft på drikkestasjon.

Åpningsseremoni for lese-OL på VBU. Dei neste vekene vil vi sette lesing og leseglede i fokus, og gjer dette på OL-vis. ...
03/02/2026

Åpningsseremoni for lese-OL på VBU.

Dei neste vekene vil vi sette lesing og leseglede i fokus, og gjer dette på OL-vis.

Åpningsseremonien, måndag 2. februar, var høgtideleg med fanfarer, fakkeltog, innmasj, talar frå utøvarrepresentant og IOC-president samt underhaldning frå ei av dansegruppene ved skulen. OL-ilden vart tent og leikane er dermed i gang.

Saman skal klassen/landet lese seg gjennom ei lese-femmil. Dei skal i tillegg til generelt mykje fokus på lesing bli kjent med litteraturen, forfattarar og landet dei representerer. Vi gler oss til mange gode lesestundar, individuelt og i lag samt mange andre felles aktiviteter i og på tvers av land/klasser.

Avisa Valdres var med 9. klasse på reinsslakting 😊
21/12/2025

Avisa Valdres var med 9. klasse på reinsslakting 😊

Hver høst og vinter i over 20 år har elevene fra Vang barne- og ungdomsskole dratt til reinslakteriet for å bistå med arbeidskraft.

Juletradisjonane står sterkt på VBU, i dag var det innebandyturnering for ungdomsskulen. Vinnarane vart gutane i 10. kla...
17/12/2025

Juletradisjonane står sterkt på VBU, i dag var det innebandyturnering for ungdomsskulen. Vinnarane vart gutane i 10. klasse og kvinnenes lærarlag - gratulerer til alle saman! 🤩

FN-konserten klarte å samle inn over 10.000kr til TV-aksjonen! 1. - 7. klasse takkar for oppmøtet og er særs nøgd med år...
05/11/2025

FN-konserten klarte å samle inn over 10.000kr til TV-aksjonen!

1. - 7. klasse takkar for oppmøtet og er særs nøgd med årets gjennomføring. God variasjon i underhaldningsbidraga og mykje godt arbeid som er lagt ned frå dei ulike klassene. Vi er stolte over denne tradisjonen der vi både får underhalde for føresette og vener samt bidra til ein god sak.

Velkommen!
23/10/2025

Velkommen!

Skulejoggen 2025 er historie! Vi har all grunn til å vere stolt av heile gjengen på VBU. Elevrådsleiar, Amanda, innleia ...
03/10/2025

Skulejoggen 2025 er historie!
Vi har all grunn til å vere stolt av heile gjengen på VBU.
Elevrådsleiar, Amanda, innleia dagen med å fortelje om kvifor vi deltek på skulejoggen og kva pengane vi samlar inn går til.

Elevane har deretter gjennomført 3-9km på imponerande vis. Godt var det med litt saft etter kraftanstrengelsen.

No står haustferien for tur.

Takk for alle bidrag. Det er framleis mogleg å støtte saka nokre timar til her: www.spleis.no/453401

Ca 10.15 går, joggar, spring elevane ei eller fleire runder i bygda. Vi støtter opp om skulejoggen som samlar pengar inn...
03/10/2025

Ca 10.15 går, joggar, spring elevane ei eller fleire runder i bygda. Vi støtter opp om skulejoggen som samlar pengar inn til SOS-barnebyers arbeid for barn som lever i krig og katastrofer. Støtt oss gjerne med eit bidrag i denne spleisen

Alle pengene går til SOS barnebyer

Address

Tyinvegen 5035

2975

Opening Hours

Monday 09:00 - 15:00
Tuesday 09:00 - 15:00
Wednesday 09:00 - 15:00
Thursday 09:00 - 15:00
Friday 09:00 - 15:00

Telephone

+4761369430

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Vang barne- og ungdomsskule posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The School

Send a message to Vang barne- og ungdomsskule:

Shortcuts

  • Want your school to be the top-listed School/college?

Share