Åpna i mellombels lokaler hausten 2009 på Frøyland skule, og frå hausten 2010 også i mellombles lokaler i Orstad og Frøyland kyrkje. Hausten 2011 åpna me heile barnehagen, og det går nå 134 barn i Kvernaland barnehage. Barnehagen er utforma med tanke på at halve barnehagen er for 0-3 åringar og resten for 3-6 åringar. Den er bygga slik at det er mulig å bytte om på aldersgruppene. Det er tatt høgde for ulike pedagogiske trendar og skiftande bruk. Det er i utgangspunktet planlagd avdelingar med ulike gruppestørrelser. Barnehagen har forskjellige baserom til felles bruk for alle avdelingane. Baseromma er tilrettelagd på forskjellige måter, alt etter bruksområde. Bruksområde kan endrast etter behov, dette året har baseromma vært: formingsrom, bibliotek, vatnleikerom, datarom og kvilerom. Barnehagen har også eit stort fellesrom. Her er det lagt til rette for kreativ utfolding med sceneteppe og rekvisita til drama. Kvar fredag har heile barnehagen samlast her for fellessamling! Dette rommet er også tenkt til bruk for heile kroppne, med store klatreputer og klatrevegg. Barnehagen har to kjøkken, desse ligg sentralt i høve til avdelingane. Barnehagen har egen kokk som lagar gode og ernæringsmessig riktige måltider til oss!! Gjennom fysisk utforming er det lagt til rette for enkelt å finne fram til sin garderobe/inngang. Desse er merka med malte vegger inne og farga plater ute på heile veggen. Det er 4 garderobar merka med fargane oransje, grønt, blått og raudt. Barnehagen er utforma med tanke på universell utforming, i fargeval og i plassering av rom. Det er lagt vekt på støydempende materialer inne. I andre etasje er det møterom, fleire kontor og arbeidsrom. Uteområdet er og planlagt ut fra prinsippene i universell utforming. Det er delt inn i forskjellige soner uten store fysiske skiljer av sonene, med lett atkomst for alle. Store deler av uteområdet er dekka med treplanker, asfalt gras eller gummidekke. Uteområdet har store sandbasseng, nokon lagt til rette for dei minste barna i barnehagen. Fleire av lekeapparata er utforma slik at det ikkje på førehand er definert kva det er. Dette fremmer kreativ bruk og stimulerar til leik. Barnehagen ligg på ein høgde over Kvernaland, med gode lys- og soltilhøve. Barnehagebygget har store vindusflater som gjev lys og utsikt. Barnehagen er arkitektorisk meget spennede! Når vi er så heldige at det fysiske miljøet er så fantastisk, så krever det også at bygget blir fylt med fantastiske voksne som er engasjerte og dyktige! Dette finner en mere om i vår årsplan!