Nordfjordkompaniet

Nordfjordkompaniet Saman gjer vi Nordfjord suprare 🥰💚 Bli medlemsbedrift eller medlem av Heia Nordfjord-nettverket i dag! Besøk oss på www.nordfjordkompaniet.no 😊

Saman gjer vi Nordfjord suprare! www.nordfjordkompaniet.no

Ingenting er kjekkare for oss i Nordfjordkompaniet enn å kople unge menneske med det spennande yrkeslivet i Nordfjord :-...
18/03/2026

Ingenting er kjekkare for oss i Nordfjordkompaniet enn å kople unge menneske med det spennande yrkeslivet i Nordfjord :-)

Jakta på Superkreftene er prosjektet vårt for tidleg innsats, der målet er å teste ut ein nyskapande samskapingsmodell som skal bidra til å auke valkompetansen, betre livsmeistringa, styrkje lokalsamfunnet og motarbeide utanforskap for lokale barn og ungdomar med ein tålmodig og lang horisont. 🥰

Resultatet av dette treårige prosjektet er på kunne tilby ein samskapingsmodell som lokalsamfunna kan ha i verktøykassa si som eit tillegg til alt det flotte som elles skjer rundt omkring i Nordfjord :-)

Gode resultat oppnår vi berre der vi klarer å finne saman på tvers av siloar og gamle skiljeliner for å samarbeide til beste for barna våre :-) Denne filmen viser sjekke klasse ved Skram skule i Kinn kommune som vi tok med på besøk til to av dei spennande bedriftene i "Teknopollen" :-)

Tusen takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Agenda Vestlandet - stiftinga frå Sparebanken Norge og Vestland fylkeskommune for støtta til prosjektet :-)

Saman gjer vi Nordfjord suprare! :-)

Skram skule besøker Easy Form og Stad Towing Tank. Seinare presenterer dei besøker på skulen.

YES! Då er filmen om elevane ved Vågsøy ungdomsskule sin Draumedag med UNU på Nordfjordeid klar 🙂Draumedag er ein av sam...
12/03/2026

YES! Då er filmen om elevane ved Vågsøy ungdomsskule sin Draumedag med UNU på Nordfjordeid klar 🙂

Draumedag er ein av samskapingsarenaene i prototypeprosjektet Jakta på Superkreftene der vi koplar saman elevar, skular, yrkeslivet og oss i Nordfjordkompaniet for å skape nye erfaringar og auke valkompetansen til elevane 🙂

Ved å filmdokumentere aktivitetane våre gjer vi kunnskapen tilgjengeleg for fleire. Saman gjer vi Nordfjord suprare! 🙂

Ungdomar får lov å besøke UNU AS på kontor og byggeplass. Programleder og superintrusktør: Per Helge Helgesen.Video: Øystein TorheimRedigering: Trygve Johan ...

TENK AT VI ER 10 ÅR! :-)Supersjefen og Leifen, som var dei to første tilsette i Nordfjord Opplæringskontor, blir med Kje...
04/03/2026

TENK AT VI ER 10 ÅR! :-)
Supersjefen og Leifen, som var dei to første tilsette i Nordfjord Opplæringskontor, blir med Kjetil og snakkar om alt som har skjedd dei siste 10 åra i den nyaste episoden av podcasten Jakta på Superkreftene. For ei reise vi har hatt! Dette vil du ikkje gå glipp av! :-)

Jakta på superkreftene · Episode

Når språk blir fellesskap – og arbeidsplassen blir nøkkelen til bli-lyst 💬I prosjektet «Næringsliv som inkluderingspådri...
04/03/2026

Når språk blir fellesskap – og arbeidsplassen blir nøkkelen til bli-lyst 💬

I prosjektet «Næringsliv som inkluderingspådrivar» ser vi korleis små, konkrete grep i kvardagen kan gjere ein stor forskjell.

Hos Nomek samla rundt 85 tilsette seg til språkkafé midt i arbeidstida. I blanda grupper på tvers av språk, nasjonalitet og avdelingar fekk dei snakke saman om inkludering, arbeidskvardag og fellesskap. Resultatet? Latter rundt borda, meir norsk i bruk – og kollegaer som vart litt betre kjende.

For mange som kjem til Nordfjord for å jobbe, er arbeidsplassen også den viktigaste inngangen til lokalsamfunnet. Når ein investerer i språk, møteplassar og fellesskap, investerer ein også i trivsel og i at folk vel å bli.

Nomek testar no fleire språkkaféar og utviklar også ei eiga industriell ordbok – «Nomek-språket» – med viktige faguttrykk frå produksjonen.

Slik blir inkludering noko vi gjer i praksis – ikkje berre noko vi snakkar om.

NORD + FJORD

Full kantine. 85 tilsette. Midt i arbeidstida. Kva skjer når ein industribedrift set produksjonen litt på pause – for språk, fellesskap og bli-lyst? Nomek har testa eit konkret inkluderingsgrep som no skapar merkbare ringverknader. Les korleis språkkafé og “Nomek-språket” kan bli eit ver...

Hurra! 🤩 No er endeleg barneplata vår ute på Spotify, der du mellom anna kan høyre Vikane skule sin nydelege "Alltid i v...
04/03/2026

Hurra! 🤩 No er endeleg barneplata vår ute på Spotify, der du mellom anna kan høyre Vikane skule sin nydelege "Alltid i våre hjarte" og hymnen vår "Alle har ei superkraft" 🙂

Plata følgjer opp undervisningsuniverset vårt i Samhald fjordlandsby med ugla Super i spissen, og låta "Uglefesten er for alle" er ein kortversjon av barneboka "Den store uglefesten" 🙂 Ved å gjere kunnskap tilgjengeleg gjennom ulike medier og kanalar, så er sjansen stor for at vi kan gjere Nordfjord endå suprare i åra som kjem 🙂

Det skjer veldig mykje bra i skular og barnehagar i Nordfjord, og vi er her for å prøve nye ting som kan forsterke undervisninga og inspirere barna til læring sjølv utanom skuletida. Når "Landsbyen" rundt barna får lov til å delta på ulike arenaer eller ved å kunne bruke sang og litteratur, så aukar vi fokuset på livsmeistring og valkompetanse. 🙂

Plata inneheld òg låta "Jula feirast best med vennskap" frå julefilmen vår som gjekk på kino i fjor, der både ugla Super og sjølvaste Julenissen er med og syng! 🙂

Nordfjordkompaniet · EP · 2026 · 4 songs

Bur det ein barnehagelærar eller lærar i deg? 🍎✨Velkomen til informasjonsmøte om barnehage- og grunnskulelærarutdanning ...
20/02/2026

Bur det ein barnehagelærar eller lærar i deg? 🍎✨
Velkomen til informasjonsmøte om barnehage- og grunnskulelærarutdanning – og vidareutdanningar for deg som allereie jobbar i barnehage eller skule!

👉 Er du interessert i å jobbe med barn og unge?
👉 Lurer du på kva som skal til for å bli lærar eller barnehagelærar?
👉 Vil du vite meir om moglegheitene for vidareutdanning?

Kommunane i regionen og Høgskulen på Vestlandet inviterer til ein kveld med informasjon og dialog.

📍 Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid
📅 Tysdag 03.03.2026
🕕 Kl. 18:00–20:00

Ta turen – kanskje dette er starten på ei meiningsfull framtid i barnehage eller skule? 🌟
🔹 Kommunane fortel om behovet for å rekruttere lærarar og barnehagelærarar – og kva vi tilbyr pedagogar i barnehagar og grunnskular i regionen.

🔹 Studierettleiarar frå Høgskulen på Vestlandet informerer om studietilboda, og om moglegheita for å utvikle fleksible tilbod i samarbeid med kommunane.

Dette møtet er for deg som:

✔️ Er elev i vidaregåande skule og vurderer lærarutdanning
✔️ Er vikar i skule eller barnehage
✔️ Er ufaglært medarbeidar i skule eller barnehage
✔️ Har familie og kanskje jobb – og likevel ønskjer utdanning
✔️ Manglar studiepoeng for fullført utdanning
✔️ Har utdanning frå utlandet og vil få godkjenning for læraryrket i Noreg
✔️ Er tilsett i kommunen og ønskjer vidareutdanning
✔️ Er leiar eller rådgivar i skule eller barnehage
✔️ Er nysgjerrig og vil vite meir om læraryrka

Velkomen til ein inspirerande og nyttig kveld – vi håpar å sjå deg! 🌟

Meld deg på her: https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx?id=ev8yGe9kb0KoywaYhQ8rFpHnwDSPIPtOlVdGir-5WxRUNkxaM0JNQlgwNkc1T05PVFhETk80VDdDQi4u&origin=QRCode&route=shorturl

Fantastisk opning av Superklubb Deknepollen ved Skavøypoll skule i Kinn kommune i dag 😍🤩 Dagens utflukt gjekk til -bygg,...
20/01/2026

Fantastisk opning av Superklubb Deknepollen ved Skavøypoll skule i Kinn kommune i dag 😍🤩 Dagens utflukt gjekk til -bygg, og kvar tysdag framover skal barna ut på nye eventyr for å utforske eigne superkrefter i lokalmiljøet slik at det blir enklere å gjere gode val knytt til utdanning og yrkesveg om få år 🤩

SAMAN GJER VI NORDFJORD SUPRARE 😍🥰Nordfjordkompaniet er ei ideell foreining som saman med resten av «landsbyen» rundt ba...
14/12/2025

SAMAN GJER VI NORDFJORD SUPRARE 😍🥰
Nordfjordkompaniet er ei ideell foreining som saman med resten av «landsbyen» rundt barn og ungdom følgjer dei frå dei er fødde til dei er veletablerte med jobb og heim i Nordfjord 😍

Ugla Super er allereie blitt ein kjent og kjær maskot som både underheld og underviser i «tidleg innsats»-satsinga vår, og det pedagogiske året 2025 kulminerte med fulle hus på den nye kinofilmen vår Julenissen og den store uglefesten 🎅🦉🥳

Du kan sjå filmen på YouTube, og du kan lese boka om du vil. Ho er tilgjengeleg både på bibliotek og i bokhandlar i Nordfjord og på Sunnmøre 😊💚

Tusen takk til alle som stiller opp i dette store samskapingsprosjektet – ikkje minst pedagogane som sikrar fagleg innhald, og yrkeslivet som lagar læringsarenaer 😊

Det er alltid tusen grunnar ein kan finne på for å ikkje samarbeide og for å vere negativ, men det er berre saman – med optimisme, tillit og samskaping – at vi kan gjere Nordfjord suprare 😍❤️

Julenissen og den store uglefesten er ei kort og hjartevarm historie produsert av Nordfjordkompaniet som del av konseptet Jakta på superkreftene.Historia er ...

NO INVITERER VI DYKK TIL GRATIS JULEKINO 🤶🧑‍🎄🎅Møt ugla Super og Julenissen i kinomørkret i Måløy og Stryn i desember! Vi...
25/11/2025

NO INVITERER VI DYKK TIL GRATIS JULEKINO 🤶🧑‍🎄🎅
Møt ugla Super og Julenissen i kinomørkret i Måløy og Stryn i desember! Vi i Nordfjordkompaniet har laga ein heilt ny og koseleg kinofilm for barn og familiar i Nordfjord som vi viser GRATIS - og vi spanderer popcorn på alle barn! 🙂

Hjarteleg velkomne - det er FØRSTEMANN TIL MØLLA som gjeld 🙂

Det blir ei framsyning på Stryn kino 8. desember og her er billettlenkja dit: https://www.strynkulturhus.no/kulturprogram/KUL20250480

Og så blir det to framsyningar på Måløy kino 9. desember og her er billettlenkja dit: https://ebillett.no/90023400000000

PS! Skodespelarane ugla Super og Julenissen er venta å kome på framsyningane! 🤩😍

Jakta på Superkreftene

NO INVITERER VI DYKK TIL GRATIS JULEKINO 🤶🧑‍🎄🎅
Møt ugla Super og Julenissen i kinomørkret i Måløy og Stryn i desember! Vi i Nordfjordkompaniet har laga ein heilt ny og koseleg kinofilm for barn og familiar i Nordfjord som vi viser GRATIS - og vi spanderer popcorn på alle barn! :-)

Hjarteleg velkomne - det er FØRSTEMANN TIL MØLLA som gjeld :-)

Det blir ei framsyning på Stryn kino 8. desember og her er billettlenkja dit: https://www.strynkulturhus.no/kulturprogram/KUL20250480

Og så blir det to framsyningar på Måløy kino 9. desember og her er billettlenkja dit: https://ebillett.no/90023400000000

PS! Skodespelarane ugla Super og Julenissen er venta å kome på framsyningane! 🤩😍

I dette synspunktet peikar Anders Lødemel i Nordfjordkompaniet på korleis mange verksemder stengjer dørene for unge tale...
14/11/2025

I dette synspunktet peikar Anders Lødemel i Nordfjordkompaniet på korleis mange verksemder stengjer dørene for unge talent ved å stille krav om erfaring dei aldri får høve til å skaffe seg. Han utfordrar oss til å tenkje nytt om rekruttering, sleppe dei unge til og skape fleire inngangar til arbeidslivet. Kort sagt: Vil vi ha framtidas kompetanse, må vi òg vere villige til å bygge den. 😍💚

TA ANSVAR: Anders Lødemel ber arbeidsgivarar ta eit større ansvar for å gi nyutdanna søkjarar arbeid.Foto: Nordfjordkompaniet Synspunkt «Vi krev erfaring – men håpar du finn den ein annan plass» Nyutdanna har kanskje lite jobberfaring, men dei har 10-20 års erfaring med å lære og løyse ...

Adresse

C/o Stryn Vidaregåande Skule, Hegrevegen 1
Stryn
6781

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nordfjordkompaniet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Nordfjordkompaniet:

Snarveier

Del