25/08/2026
Elevar på Businesslinja fekk ein pangstart på skuleåret då Ine Toppe og Karina Kallevåg frå Ungt Entreprenørskap besøkte Stord vgs 21. august. Dei 16 elevane i Entreprenørskap 1 jobba aktivt med idéutvikling og kick‑off til Ungdomsbedrift, og viste imponerande initiativ og læringsiver.
Gjennom Arena‑metodikken jobba elevane med ulike målgrupper som utgangspunkt for å utvikla forretningsidéer – ein kreativ og strukturert prosess som hjelper dei å avdekka reelle behov før dei utviklar løysingar.
Den flotte gjennomføringa av den halve fagdagen lover svært godt for det aktive og praktiske skuleåret som nettopp har starta!