Medium og kommunikasjon Stord vgs.

  • Home
  • Medium og kommunikasjon Stord vgs.

Medium og kommunikasjon Stord vgs. Facebooksida til Medium og kommunikasjon på Stord vgs. Du lærer å bruka digitale og analoge verktøy til å komponera medieprodukt. MK på Stord vgs.

På utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon (MK) lærer du å utvikla idear og å formidla bodskap gjennom tekst, lyd og bilete. Medieteorien lærer deg kva metodar som høver best mot ulike målgrupper. Du får på MK lære deg:
å laga film
å fotografera
å setja lys
å laga nettsider
å laga grafiske produkt
å skriva journalistisk
å ta opp og bearbeida lyd
å forstå og å nytta sosiale medium

Du får opplæring i profesjonell programvare. Ikkje minst kan du veksa sosialt, då faget vårt handlar like mykje om det å kommunisera som å laga kvalitetsprodukt. Etter tre år på MK får du studiekompetanse på ein inspirerande og kreativ måte. Etterpå kan du fortsetja rett på høgare utdanning. er den einaste av sitt slag i Sunnhordlandsregionen. Hjarteleg velkomen som elev hos oss på MK Stord!

MK har laga videoreportasje frå Falturiltu-festivalen på Stord, november 2017.
08/11/2017

MK har laga videoreportasje frå Falturiltu-festivalen på Stord, november 2017.

Kristi Furubotn harskrive sin første nynorske ungdomsroman, Maria Mi. Denne veka har ho besøktNordbygdo ungdomsskule og Nysæter ungdomsskule under...

04/05/2017

2MK nytta fagdagen i samfunnsfag til å besøke Haugesund fengsel. Der fekk me blant anna informasjon om korleis det er å sone straffa i eit fengsel, omvising og høve til å stille spørsmål til to av dei innsette i fengselet. Elevane syns det var lærerikt og interessant å få besøka fengselet. Dei var flinke til å stilla gode og relevante spørsmål både til fengselsbetjenten og dei innsette.

Skrive av Kristin Bergesen.

10/03/2017

Thea Medhus Øvrevik, Anna Cecilie Tofte, Andrea Hollund og Christina Nysæter Ljone frå VG2 Medium og kommunikasjon representerer ungdomsbedrifte si, PanoMedia UB, på Fylkesmessa i Bergen i dag. Deira forrretningidé er å selge marknads- og kommunikasjonstenester til både offentlege og private kundar. Du kan sjå profileringsvideoen til PanoMedia på YouTube her: https://www.youtube.com/watch?v=CCjPkZj14Dw
Skulen deltek med heile tre UB'ar i år på messa som har meir enn 100 ungdomsbedrifter frå Hordaland.

21/06/2016

Ungdomsbedrifta MedieXpress UB frå 2MK avvikla drifta si før skuleåret 2015/16 var omme. Dei 23 eigarane har utvikla og seld eigne mediefaglege kompetansetenester til godt over 30 ulike kundar, private som offentlege. Ulike elevar har mellom anna laga medieprodukt som plakat, filmar, logo, slideshow, banner, Facebook-sider, portrettfoto, rapportar og fotolerret for kort å nemne noko. Totalt fekk UB'en ei omsetning på meir enn 124.000 kr. MK-lærarane er særs imponerte over både innsats og innteninga som i hovudsak vart brukt til delfinansiering av ein studietur til London i april i år.

15/06/2016
Enda ein flott dag i London med besøk på London Film Academy, og hos Stordabuen Vegard Myklebust, som driv animasjonsfir...
01/04/2016

Enda ein flott dag i London med besøk på London Film Academy, og hos Stordabuen Vegard Myklebust, som driv animasjonsfirma.

31/03/2016

Her går det i underground heile dagen!
Så sjå først denne, så kjem det eksempler på andre ting fra tuben og (Y)

Eit veldig hyggeleg besøk hos avis-giganten "The Daily Telegraph"
31/03/2016

Eit veldig hyggeleg besøk hos avis-giganten "The Daily Telegraph"

Me er i London av alle fantastiske plassar og besøker alt av tv-kanalar, reklamebyrå og avisar som me får stappa inn i p...
31/03/2016

Me er i London av alle fantastiske plassar og besøker alt av tv-kanalar, reklamebyrå og avisar som me får stappa inn i programmet (Y).
Og, me har faktisk 4 dagar igjen… Jeehaaaaa (Y).

28/03/2016

Ønsker dåke alle ei kjekk og lærerik veke i London. Blir knallbra. Hels te dronninga.

26/02/2016

Utstilling på biblioteket på Saghaugen
Veka før vinterferien har elevane ved Medium og kommunikasjon Vg 2 laga eit bokomslag. Dei har teke utgangspunkt i ei bok/tekst som dei har valt å lese i faget Norsk. Deretter har dei teikna og formgjeve bokomslaget etter eiga tolking av desse bøkene. Illustrasjonane er laga i det digitale teikneverktøyet Illustrator og sjølve utforminga av bokomslaget er sett saman i designverktøyet Indesign.

Bokomslaget kan sjåast på biblioteket på Saghaugen.

Elevane i 1MK jobba i veke 4 med eit prosjekt innan mediedesign. Klassane skulle lage ein plakat i sjangeren propaganda ...
03/02/2016

Elevane i 1MK jobba i veke 4 med eit prosjekt innan mediedesign. Klassane skulle lage ein plakat i sjangeren propaganda eller pop art. Her ser du eit lite utval av det fine arbeidet.

Address

Vikastemmo 35

5411

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Medium og kommunikasjon Stord vgs. posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The School

Send a message to Medium og kommunikasjon Stord vgs.:

Shortcuts

  • Want your school to be the top-listed School/college?

Share