25/09/2025
Besøk til ASKO på Skurve – ein lærerik og kjekk dag for VG2
I dag klokka 06.30 starta turen for VG2 til ASKO på Skurve. For ein velkomst me fekk – ulike snacks stod klare og venta på oss etter ein lang reise.
Me fekk ei flott og informativ presentasjon av Sigrid, før me gjekk til lunsj i kantina. Der vart me servert eit kjempegod og innhaldsrik måltid – mellom anna komle på middagsmenyen og brødmat med mykje godt pålegg.
Etter lunsj fekk me ei omvising i bygget av fleire av kollegaene til Sigrid. Me fekk òg sjå ein elektrisk lastebil og prøva å trykka litt på knappane der.
Alt i alt ein kjempefin og lærerik dag – tusen takk for at me fekk koma!