Suldal kulturskule

Suldal kulturskule Kulturskulen har rundt 200 elevplassar og gir opplæring i faste tilbod innan musikk, drama og biletkunst.I tillegg har me andre kurs og prosjekt med dans.

Kulturskulen i Suldal har ca 200 elevplassar og gir opplæring i faste tilbod innan musikk, drama og biletkunst. Basen til kulturskulen er i kulturhuset, men me har også ein del desentraliserte tilbod på skulane. Me disponerer to hus i tillegg på Sand til undervisning og kontor, Musikksmia og Kunstsmia. Dei fleste ordinære tilboda våre passar best for elevar frå 3. klasse, men i særskilte
høve kan me også ta inn yngre elevar. Vaksne kan også søkja. Om undervisninga
Musikkundervisninga er som hovudregel individuell opplæring på eit instrument eller vokal. Undervisningstida er 25 minutt per veke. Me tilbyr desentralisert musikkundervisning når me har nok elevar ute i skulekrinsane. Biletkunst og drama er gruppeundervisning. Elevane har mellom ein og halvannan time undervisning i veka. Dramaundervisninga føregår på kulturhuset. Biletkunst har undervisning i Kunstsmia i Bankbakkjen på Sand og i skulekrinsane der det er nok påmelding. Om å vera elev
Som elev får du opplæring i det tilbodet du søkjer på. I tillegg skal alle i løpet av året få tilbod til å vera med på konsertar, framsyningar og fellesprosjekt. Kulturskulen har som mål å utvikla eit godt og nært samarbeid på tvers av dei ulike tilboda og på tvers av skulekrinsar og bygdelag. Slik får den som er elev kjennskap til andre uttrykk og samspelet i den kulturelle heilskapen. Slike gonger blir det gjerne endra undersvisningstid og frammøteplass. Korleis søkja? For å søkja, gå til https://NOSULDAL.speedadmin.dk. Har du problem, så ta kontakt. Opptak og melding om plass skjer normalt i juni. Prisar i 2021 pr halvår
Individuell undervisning: kr 1 430 Vaksne over 18 år: kr 2 110
Gruppeundervisning: kr 1 270
Instrumentleige: kr 250 Materiell, biletkunst, fellesinnkjøp: kr 200

Det blir ein ekstra runde med Fredagspolka fredag 17. oktober! Me er så heldige å ha fått med oss Lars Fivelstad Smaaber...
13/10/2025

Det blir ein ekstra runde med Fredagspolka fredag 17. oktober! Me er så heldige å ha fått med oss Lars Fivelstad Smaaberg som skal vera artist på Folk på Fredag same kveld. Det er fortsatt mulig å melde seg på! Meld til Tove 95924144 eller Veerle 98006794.

Fredagspolka også i haust! Påmelding innen fredag 12. september. Til Tove 95924144 Eller Veerle 98006794.
08/09/2025

Fredagspolka også i haust! Påmelding innen fredag 12. september. Til Tove 95924144 Eller Veerle 98006794.

11/06/2025
Velkommen torsdag 12. juni kl. 19.00!Det blir ein flott konsert med mykje fin musikk.Kulturskuleelevar gratis inngang.
11/06/2025

Velkommen torsdag 12. juni kl. 19.00!
Det blir ein flott konsert med mykje fin musikk.
Kulturskuleelevar gratis inngang.

Pianist Jan Gunnar Sørbøhar stukket innom Kulturhuset i Suldal for å øve med oss!
Dere får både se og høre mer av han (og oss) tordag 12. juni kl. 19:00. Velkommen!

Vi spiller:
Smetana trio i g-moll
Brahms rapsodi i h-moll, op.79 nr. 1 (solo piano)
Dvorak romanse i f-moll (fiolin og piano)

Velkommen på konsert! Det blir musikk, akrobatikk og visning av bilder til biletkunstelevane.
28/05/2025

Velkommen på konsert! Det blir musikk, akrobatikk og visning av bilder til biletkunstelevane.

07/05/2025

På øving fram mot forsommarens storkonsert er stemninga i Songarlaget heilt på topp. Dei toppar laget og samlar ei rekkje suldalsmusikarar til å framføra eit repertoar som byr på alle fargane på kartet.

Adresse

Løhaugen 1
Sand
4230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Suldal kulturskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Suldal kulturskule:

Snarveier

Del

Type