08/09/2022
Ny utgave av Kokkekamp under planlegging!
Opplæringskontor, Gudbrandsdalsmat, skulen og Mat og helselærarar frå ungdomsskulane i Nord- og Midt-Gudbrandalen, møttes onsdag for å drøfte nye måtar å rekruttere på til restaurant- og matbransjen i Gudbrandsdalen.
Opplegget vårt for årets 9. klassingar vil ta utgangspunkt i konseptet Ung Restaurant i Trøndelag. Her inviteres ungdomsskuleelevar inn på kjøkenet til restaurantar og hotell i Trondheim for ein dag – ein Drømmedag! Målet er å vise korleis arbeidsdagen på ein restaurant artar seg, og dermed inspirere fleire til å søkje seg inn på utdanningsprogrammet Restaurant- og matfag. Vidare er målet å bevisstgjere foreldre og lærarar kva Restaurant- og matfag er, og kva for spennande yrker dette utdanningsprogrammet rekrutterer til.
Vi kjem attende med meir informasjon om modellen vi vil prøve ut i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen dei neste to åra!
https://www.matriketmidt.no/prosjekter/ung-matglede/verktoeykasse-for-rekrutteringstiltak-til-restaurant-og-matfag/ung-restaurant/