04/02/2025
I dag fekk alle elevane sjå den fantastisk flotte, gøye og innhaldsrike førestillinga «Sverre Skrot og Ingenting».
Forfattar og skodespelar Harald Maxmillian Stolenberg dramatiserte, viste og fortalte frå boka "Sverre Skrot og Ingenting". Temaet er kjærleik mellom to av same kjønn. Boka og framsyninga var spekka med humor og fantasi. Harald Maxmillian Stoltenberg lovar oss ei ellevill oppleving - og det fekk vi! Han formidla ein kortversjon av historia ved å lese, fortelje, spele karakterar pluss at han viste nokre av teikningane frå boka. Han hadde illustrert boka, og skrive den, sjølv. Publikum blei også inviterer med inn i sluttscena der alle dansa flamenco til spanske rytmar og tonar. Med imponerande god kontakt og samspel med publikum er dette noko vi vil hugse lenge!