Lunden barnehage

Lunden barnehage Lunden barnehage er ein sentrumsbarnehage som har kort veg til skule, bibliotek, sentrum, elva, skogen og stranda.

Kunstbarnehage har 6 avdelingar med plass til 90 barn
«Ein god stad å vere - ein god stad å lære».

I dag har vi markert barnehagedagen med temaet "Staden min". Rosa har laga kartutskrift over nesten heile Naustdal, frå ...
12/03/2024

I dag har vi markert barnehagedagen med temaet "Staden min".

Rosa har laga kartutskrift over nesten heile Naustdal, frå fjord til fjell har vi limt bilder av barna sitt hus. Kyra, budeia, kyrkja,skulen og Løken leikeplassen fekk og vere med, sjølv om det vart litt trangt. Dette er noko som intresserer og engasjerer ungane.

Løvetanna har dekorert sitt eige kart, og har vore ute i nærmiljøet for å finne dei ulike bygga som vi har limt på kartet.

Kom og sjå, et, leik og le med oss som held til i barnehagen som er oppned.Velkomen til open barnehage!Fredag 26. januar...
15/01/2024

Kom og sjå, et, leik og le
med oss som held til i
barnehagen som er oppned.

Velkomen til open barnehage!
Fredag 26. januar klokka 10.00-12.00
inviterer Lunden barnehage til besøk av
foreldre og barn som ynskjer
barnehageplass frå hausten 2024.

Vi vil gi dykk informasjon om barnehagen og vise dykk nokre av aktivitetane våre både ute og inne.
Vi avsluttar med felles lunsj.

Vi gler oss til å vise fram
barnehagen og å møte dykk.

Har de lyst og høve til å kome?
Ta kontakt med einingsleiar
Kirsten Kongsvik
E-post: kirsten.kongsvik@sunnfjord.
kommune.no
Telefon: 57 81 61 76
Mobil: 411 60 889

Søknadsfristen er 1. februar, skjema finn
de her:
https://foresatt.visma.no/sunnfjord

Vel møtt🙂

Kreativiteten er på topp hos ungane i Lunden barnehage! 😃 Då vi lagde vulkan i sandkassa var det nokon som fekk ein glim...
17/08/2023

Kreativiteten er på topp hos ungane i Lunden barnehage! 😃 Då vi lagde vulkan i sandkassa var det nokon som fekk ein glimrande ide. Rognebær har samme farge som lava! Slik vart sand, vatn og rognebær ein super vulkanleik som vi leika om att og om att heilt til vi måtte inn å ete. 🌋

Idag har dei 3 minste avdelingane hatt idrettsdag ute i barnehagen. Vi har balansert, kasta ball, hoppa over hinder, krø...
02/06/2023

Idag har dei 3 minste avdelingane hatt idrettsdag ute i barnehagen. Vi har balansert, kasta ball, hoppa over hinder, krøpe under hinder, brukt rokkeringer, og sprunge slalom mellom kjeglene. Vi avslutta med å ta ut køyretøya våre som også kunne prøve seg på hindera. Som premie fekk vi frukt.

Ein smak av sommar 😍Rabarbra og sukker 😊
02/06/2023

Ein smak av sommar 😍
Rabarbra og sukker 😊

I kveld skal førskulegruppa overnatte i barnehagen 🤗 Det krev litt førebuingar.  Vi har hatt hemmeleg avstemming over kv...
20/04/2023

I kveld skal førskulegruppa overnatte i barnehagen 🤗
Det krev litt førebuingar. Vi har hatt hemmeleg avstemming over kva film vi skal sjå på kvelden. Gutane har vaska og gjort det fint og reint på rommet der jentene skal sove (på eige initiativ), og ikkje minst måtte vi handle inn til kveldsmat og frukost 🍕🥚🥖🍿
No er nesten alt klart til at spente førskuleungar skal få ein fin ettermiddag og natt i barnehagen! Vi gler oss veldig 😃

Nydelig vårdag i Lunden i dag. 🌞Uteområdet har fått seg ein skikkeleg vårreingjering med kostebil og spyling av flinke v...
17/04/2023

Nydelig vårdag i Lunden i dag. 🌞Uteområdet har fått seg ein skikkeleg vårreingjering med kostebil og spyling av flinke vaktmeistrar. Ekstra kjekt å springe, sykle og leike no. 🌞

I dag var dei tre eldste barnekulla i Lunden på vinteraktivitetsdag i Instedalen skianlegg. Denne årlige turen er ein tr...
01/03/2023

I dag var dei tre eldste barnekulla i Lunden på vinteraktivitetsdag i Instedalen skianlegg. Denne årlige turen er ein tradisjon vi har hatt i mange år. Med buss inn om morgonen og buss tilbake 4 1/2 time seinare. Mange fornøgde barn og vaksne etter ein topp dag med aking og ski. "Kan vi reise tilbake ein anna dag"?, var det fleire som spurte. 🥰 ❤️❄️

Minner om søknadsfrist for barnehageplass i private og kommunale barnehagar i Sunnfjord kommune.Søknadsfristen er 1. mar...
27/02/2023

Minner om søknadsfrist for barnehageplass i private og kommunale barnehagar i Sunnfjord kommune.

Søknadsfristen er 1. mars, skjema finn de her:
https://foresatt.visma.no/sunnfjord

Velkommen til open barnehage!Onsdag 15. februar klokka 10.00-12.00 inviterer Lunden barnehage til besøk av foreldre og b...
09/02/2023

Velkommen til open barnehage!
Onsdag 15. februar klokka 10.00-12.00 inviterer Lunden barnehage til besøk av foreldre og barn som ynskjer barnehageplass frå hausten 2023.
Vi gler oss oss til å vise fram barnehagen og å møte dykk.

Søknadsfristen er 1. mars, skjema finn de her:
https://foresatt.visma.no/sunnfjord

Vel møtt🙂

04/02/2023

Del gjerne!

Adresse

Naustdal
6817

Åpningstider

Mandag 07:00 - 16:30
Tirsdag 07:00 - 16:30
Onsdag 07:00 - 16:30
Torsdag 07:00 - 16:30
Fredag 07:00 - 16:30

Telefon

+4757816170

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lunden barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Lunden barnehage:

Snarveier

Del