Psykolog Stokken

Psykolog Stokken Sjekk ut podcasten Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid 😊

Eg tilbyr ikkje timar privat

Sofa-samtale om ADHD-kvinner, tankar, symptom, konsekvensar, behov for meir forskning, avvisning frå helsevesen og NAV o...
14/03/2023

Sofa-samtale om ADHD-kvinner, tankar, symptom, konsekvensar, behov for meir forskning, avvisning frå helsevesen og NAV og behov for tidligare oppdaging og betre oppfølging. Og endå kunne me ha snakka om meir.

Fleire frå publikum delte frå si historie, og stilte spørsmål. Eg og fleire gråt. Eg kjem til å hugsa denne kvelden for alltid.

Dette føltes viktig. Viktig å spre kunnskap. Viktig å skapa rom for å møtast og sjå at ein ikkje er aleine.

Takk for samarbeidet, Elisabeth Bjørndal-Ruud, Esther Haveland og Bergen sanitetsforening ❤️

Eg er gjest i podcasten Også pasient. Der snakkar eg om meg sjølv som "pasient", og at psykologar og anna helsepersonell...
19/01/2023

Eg er gjest i podcasten Også pasient. Der snakkar eg om meg sjølv som "pasient", og at psykologar og anna helsepersonell òg kan trenga psykologhjelp i løpet av livet. Me er berre menneske me òg 😊 Episoden kan du høyra i Spotify:

https://open.spotify.com/episode/0qq7UeiluLuZoUgRJU5raA?si=tC1y0FSnRZ6fjLEmJTaRFQ&utm_source=copy-link

Listen to this episode from Også pasient on Spotify. Kristina er utdannet psykolog og har jobbet lenge i barnevernet. I dag er hun privatpraktiserende psykolog og tilsynsfører - og har en egen psykolog hun går til. Hvordan er det egentlig når fagpersoner selv får det vanskelig? Kan de oppsøke ...

Ny episode av podcasten min, Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid (Studio Lidlyd) 🎧🥳I denne episoden møter ...
12/12/2022

Ny episode av podcasten min, Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid (Studio Lidlyd) 🎧🥳

I denne episoden møter du Torben Dyhr-Nielsen, som òg er Cathrine Dyhr-Nielsen. Torben er transperson, og deler si erfaring med dette privat, i jobbsamanheng og offentleg på sosiale medium. Han deler òg noko om det å ha bipolar liding. Torben jobbar i NAV, med blant anna inkludering og mangfald i arbeidslivet. Han har òg nyleg starta eit foretak der han jobbar som foredragshaldar. Der brukar han seg sjølv, si jobberfaring og si historie for å auka kunnskap og motivera til å bruka kunnskapen i praksis. Høyr episoden og få tips til korleis du kan bidra til meir inkludering, mangfald og rekruttering. Det har vist å lønna seg! Eg er så stolt over å ha fått intervjua dette flotte mennesket.🤩

Du finn Torben/Cathrine på LinkedIn!

Høyr podcasten gratis på Spotify, Soundcloud eller i appen du brukar 🎧🙌🏼🤩

https://open.spotify.com/episode/6g6jrH1om7Y6rvgNHZCFwl?si=YhYCNCxbQiqlRKlGZrQrKA&utm_source=copy-link

Høyr ny episode av podcasten Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid! 🎧Me spelte inn denne episoden i starten ...
30/10/2022

Høyr ny episode av podcasten Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid! 🎧

Me spelte inn denne episoden i starten av september. Den kjem ut først no fordi eg har følgd mine eigne råd, og prioritert kvile, familie og jobb. Eg er stolt over meg sjølv, og takknemleg for ein forståelsesfull podcast-partnar, Lars Sveinung Lid ❤️

I denne episoden snakkar eg om korleis det går med meg. Me er innom oppbygginga av både det å jobba for meg sjølv og helsa mi. Eg deler om min første time på DPS, som var i slutten av august. Det gjekk ikkje heilt som eg hadde håpa på. Me snakkar om motivasjon, spørsmål om eg er på rett plass og det å vera her og no. Eg har òg byrja å få hjelp av ein mentor innan marknadsføring og merkevarebygging. Dette gjer at eg føler meg mindre aleine rundt idéar, val og kva som er lurt å gjera. Høyr episoden, og gje meg gjerne ei tilbakemelding om kva du synes.

Podcasten høyrer du gratis på Soundcloud, Spotify, iTunes eller den app'en du brukar.

Studio og klipping: Lidlyd

Lenke til Spotify:

Listen to this episode from Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid on Spotify. I denne episoden snakkar eg om korleis det går med meg. Me er innom oppbygginga av både det å jobba for meg sjølv og helsa mi. Eg deler om min første time på DPS, som var i slutten av august. Det gjekk ik...

Her er det båtferie på meg og familien. Ønsker alle god ferie/god sommar. Eg er tilbake på jobb neste veke, og har nokre...
26/07/2022

Her er det båtferie på meg og familien. Ønsker alle god ferie/god sommar. Eg er tilbake på jobb neste veke, og har nokre ledige timar igjen den veka. På video, kontor eller tur. Bestill time på www.psykologstokken.no eller ta kontakt på tlf. 97629092.

Ny episode av podcasten, Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid, og me er no kome til lukketalet 13 😉 Som van...
05/07/2022

Ny episode av podcasten, Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid, og me er no kome til lukketalet 13 😉 Som vanleg spelt inn i studio Lidlyd 🤩

Roger Birkelund, eigar av Vestland Villaservice As, er gjest i denne episoden. Me snakkar om korleis arbeida med visjon og verdiar for bedrifta. Roger fortel om familieverdiar og korleis han prøver å tilrettelegga for seg sjølv og dei tilsette, så dei kan kombinera jobb med familieliv. Lars Sveinung synes det heile minna han om Kardemomme by, og gav Roger eit nytt kallenamn i løpet av innspelinga: Politimester Bastian.

Høyr podcasten gratis! Du finn han på Soundcloud, Spotify og iTunes (og diverse appar der du finn podcast) 🎧🎙👇🏼

https://soundcloud.app.goo.gl/joXXe

Eg har eit innlegg i Klassekampen i dag:
15/06/2022

Eg har eit innlegg i Klassekampen i dag:

Sjå for deg at eit barn har blitt utsett for omsorgssvikt eller vald av foreldra. Barnet treng å bli møtt på ein god måte av tolmodige vaksne. Det tre...

Rykande fersk episode av podcasten min, Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid er ute! Som vanleg produsert a...
06/06/2022

Rykande fersk episode av podcasten min, Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid er ute! Som vanleg produsert av Lidlyd 🎙

I denne episoden har eg med psykolog Sissel Garnes som gjest. Sissel jobbar i PPT, der me var kollegar for fleire år sidan. I tillegg har ho starta sin eigen privat praksis nyleg, der ho blant anna har samarbeid med Bergen Sports Medicine & Rehabilitation.

Sånn eg kjenner Sissel er ho smart, samfunnsengasjert, ivaretakande og glad i humor. Sissel har òg fysisk funksjonshemming. Me snakkar om utfordringar og haldningar dei med fysisk funksjonshemming kan møta i samfunnet, og me snakkar om diskriminering. Vårt interessefelt psykologi blir drøfta, og Sissel deler kva ho brenn for. Til sist deler me begge korleis det er å starta opp privat praksis, og finn ut at me har nokre av dei same følelsane og tankane rundt dette.

Høyr podcasten gratis via lenke under eller finn den sjølv i Spotify/iTunes 🎧

I denne episoden har eg med psykolog Sissel Garnes som gjest. Sissel jobbar i PPT, der me var kollegar for fleire år sidan. I tillegg har ho starta sin eigen privat praksis nyleg, der ho blant anna ha

Ny episode av podcasten er ute!Malin Påve Solberg driv sitt eige selskap, og deler opent om si gründerreise. Me snakkar ...
24/05/2022

Ny episode av podcasten er ute!

Malin Påve Solberg driv sitt eige selskap, og deler opent om si gründerreise. Me snakkar om den mentale belastninga ved å vera gründer. Du får høyra om oppturar og utfordringar i bedrift og i livet, og Malin deler korleis ho taklar vanskelege ting. Me snakkar om personleg utvikling, å ta vare på deg sjølv og korleis henta deg inn når du er overvelda. Malin er halvt norsk og halvt samisk, og du får høyra om fleire av forfedrene hennar si historie og kva Malin har med seg frå desse. Malin fortel om opplevingar i livet som har bidratt til å gje ho den styrken og roen ho har i seg sjølv i dag.

Høyr episoden gratis! Du finn han i Spotify, iTunes/app eller på Soundcloud ved å følgja lenka under:

Malin driv sitt eige selskap, og deler opent om si gründerreise. Me snakkar om den mentale belastninga ved å vera gründer. Du får høyra om oppturar og utfordringar i bedrift og i livet, og Malin deler

Adresse

Fotlandsvegen 86
Lonevåg
5286

Telefon

+4797629092

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Psykolog Stokken legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Psykolog Stokken:

Snarveier

Del