Ostereidet Ungdomsskule

Ostereidet Ungdomsskule For siste nytt rundt arrangementa på skulen, og viktige oppdateringar til heimane, føl du Ostereidet Ungdomsskule på facebook.

Etter ei travel og innhaldsrik veke med førjulsaktivitet går me inn for landing. Me ønskjer alle ein fin juleferie 🎄🌟
19/12/2025

Etter ei travel og innhaldsrik veke med førjulsaktivitet går me inn for landing. Me ønskjer alle ein fin juleferie 🎄🌟

Sånne dagar🥰 Bål, gøymespel og svidde ostesmørbrød. God helg😊
05/12/2025

Sånne dagar🥰 Bål, gøymespel og svidde ostesmørbrød. God helg😊

Fantastisk temaveke på den beste skulen: Ostereidet ungdomsskule (åff kårs)! 🤝Det er inspirerande å sjå så mykje engasje...
21/11/2025

Fantastisk temaveke på den beste skulen: Ostereidet ungdomsskule (åff kårs)! 🤝

Det er inspirerande å sjå så mykje engasjement frå elevar og lærarar – utruleg mange stilte opp og bidrog til at dette vart ei gøy og morosam temaveke. Vi avslutta med MOT til å glede-dagen, med utdeling av premie til vinnarane, samt litt leik. 🎉 Dette var MOT-fredagen vår for denne månaden og, ja… 8A gjorde det igjen! 🏆 2/2 moglege sigarar – gratulerer, de er rå! 🔥

Takk for ei kjempeveke, og god helg alle saman! 💛 Vi gler oss allereie til ny temaveke til våren! 😉

🌟 Temaveke neste veke! 🌟Hei og hopp, alle saman! 👋🏽Vi gler oss til ei veke full av gøye outfits! 😎✨Hugs å bli med – jo f...
15/11/2025

🌟 Temaveke neste veke! 🌟

Hei og hopp, alle saman! 👋🏽

Vi gler oss til ei veke full av gøye outfits! 😎✨Hugs å bli med – jo fleire som deltek, jo meir gøy blir det! 🎉

Vekas tema er:
⚽️ Måndag: Fotballdrakt-dag
👩🏾‍🤝‍👨🏽 Tysdag: Bytte kjønn-dag
🎿 Onsdag: Afterski-dag
😴 Torsdag: Pysj-dag
🎀 Fredag: Rosa-dag

30/10/2025
🚀 I dag rulla VilVite på hjul inn hos oss!Spanande eksperiment og nysgjerrige blikk. Til og med ein modig elev, Mardo i ...
22/10/2025

🚀 I dag rulla VilVite på hjul inn hos oss!

Spanande eksperiment og nysgjerrige blikk. Til og med ein modig elev, Mardo i 10A, fekk (bokstavelig talt) halde flammer i henda sine! 🔥 Naturfag er fantastisk, ikkje sant?!

Vi er takksame for at VilVite delte realfagsgleda si med oss – dette inspirerer! 🙌🔬✨

VilVite

MOT-fredag 🎯✨I dag hadde vi årets første MOT-fredag på Ostereidet ungdomsskule! Elevane fekk oppleve både premieutdeling...
03/10/2025

MOT-fredag 🎯✨

I dag hadde vi årets første MOT-fredag på Ostereidet ungdomsskule! Elevane fekk oppleve både premieutdeling frå idrettsdagen tidlegare i haust, ein engasjerande kahoot og ikkje minst den populære «kjeks i panna»-leken.
Birk frå 8A imponerte og stakk av med sigeren i kjeks-leiken, og sikra dermed eitt poeng til klassen sin.

Framover skal vi ha MOT-fredag ein gong i månaden. Då stiller ein representant frå kvar klasse i ulike konkurransar, der klassen kan vinne poeng. Ved skuleslutt kårar vi den klassen som har samla flest poeng gjennom året. 💪

Med det ønskjer vi alle ein GOD og velfortent haustferie! Lad batteria godt – det skal vi! 🍂

I dag har elevane på niande steget hatt besøk av Marius Hindenes. Han hadde med seg lam som elevane fekk vera med å part...
25/09/2025

I dag har elevane på niande steget hatt besøk av Marius Hindenes. Han hadde med seg lam som elevane fekk vera med å partera, dei fekk laga kjøtdeig og dei fekk skjera opp kotelettar. Av kjøtdeigen laga dei pizzafyll, og ute fekk dei grilla kjøtet. Til slutt vart det eit herlig måltid saman med heimelaga potetsalat som elevane laga sjølv. Tusen takk for besøket og for god undervisning👏👏 Elevane har storkosa seg!

🌧️ Aktivitetsdag med topp stemning på Ostereidet – trass ruskevèr! 🌟Grå himmel og regn klarte ikkje å sette ei demper på...
10/09/2025

🌧️ Aktivitetsdag med topp stemning på Ostereidet – trass ruskevèr! 🌟

Grå himmel og regn klarte ikkje å sette ei demper på humøret då det vart stelt i stand ein aktiv og kjekk dag for barnehageborn og elevar på Ostereidet i går! 💪🎉

Dei som deltok på dagen var alle elevane på Ostereidet ungdomsskule og Ostereidet barneskule, 7. klasse frå Eikanger skule, 7. klasse frå Leiknes skule og førskulebarna frå FUS barnehage på Ostereidet. Det var litt ulike aktivitetar for 6.-10. klasse og for førskulebarna og 1.-5. klasse. I alt var ca 250 barn og ungdomar med i tillegg til personale frå skulane, fleire frivillege frå Eikanger Idrettslag og eindel frivillige frå bygda. Ein av aktivitetane var trappeløp i Mariustrappa som Friidrettsgruppa i Eikanger idrettslag leia.

Pølser og drikke vart servert. Miriam og Anna som var med på styrkeposten gjennomførte heile 1800 repetisjonar totalt – snakk om rå innsats! 🙌 Gangsperren sit nok i hos fleire i dag. 😉

Tiandeklassingane våre gjorde ein kjempeinnsats som medarrangørar! ✨

Tusen takk til alle som stilte opp og gjorde denne dagen mogleg. Det viser at når vi står saman, kan vi skape gode minne – sjølv i ruskever! 💙☔

🔥 For ein dag! 🔥I dag hadde vi besøk av Morten Lyngøy som delte si sterke historie – både om korleis han sjølv har vorte...
18/08/2025

🔥 For ein dag! 🔥

I dag hadde vi besøk av Morten Lyngøy som delte si sterke historie – både om korleis han sjølv har vorte utsett for mobbing, konsekvensane av mobbing, og ein gong han sjølv gjorde noko han angrar på den dag i dag. Han var ærleg om den dårlege samvitet, og det gjorde verkeleg inntrykk på oss alle. Det krev MOT å dele dette. For ein helt!

Saman med drifting-showet vart det ei oppleving som traff både hjarte og mage. ❤️💨

Dette handlar om menneske, inkludering og psykisk helse. Tusen takk til Morten for å vere så open og modig. 🙏

Historia hans kan inspirere andre til å tenkje seg om – både dei som opplever mobbing, og dei som sjølve står i fare for å såre nokon.

Lyngøy Motorsport 🚗💨💙

🥇 Og vinnaren av HEILE fantasy-ligaen blei... trommevirvel... SYVERT!!! 🥁🎉Jaggu santen klarte han å dra det heilt i mål!...
02/06/2025

🥇 Og vinnaren av HEILE fantasy-ligaen blei... trommevirvel... SYVERT!!! 🥁🎉

Jaggu santen klarte han å dra det heilt i mål! Syvert har prestert jamnt og stødig gjennom heile sesongen. Han har ikkje ligge øvst på tabellen heile vegen, men viser at det er målstreken som tel i dette fantasy-maratonet! 🏁🔥

Det var tett i toppen, og berre 13 poeng bak kom Ilian inn på ein sterk 2. plass 🥈
Thea – fjorårsvinnaren – tok 3. plassen 🥉 med berre to små poeng mindre enn Ilian! Det betyr at det berre skilde 15 poeng frå 1. til 3. plass – ekstremt jamt! 😱

⚽️ Dette har vore ei skikkeleg spanande og nervepirrande sesong – med jubel, frustrasjon og fantasy-drama til siste slutt!

🎊 Vi gratulerer så mykje til Syvert – årets fantasymeister! 👑
💪👏👏👏

Adresse

Eidavegen 574
Lindås
5993

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ostereidet Ungdomsskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Ostereidet Ungdomsskule:

Snarveier

Del