Stadlandet skule

Stadlandet skule Velkomen til Stadlandet skule si facebook-side. Her deler vi informasjon og historier frå kvardagen på skulen.

Stadlandet skule er ein av to barne-og ungdomsskular i Selje kommune.

Eit bittelite, tørt vervindu frå onsdag ettermiddag til i dag sørga for at friluftslivgjengen akkurat rakk å få gjennomf...
28/05/2026

Eit bittelite, tørt vervindu frå onsdag ettermiddag til i dag sørga for at friluftslivgjengen akkurat rakk å få gjennomført årets overnattingstur. Valet fall på Årsheimsvatnet, ein god halvtimes gange frå Øvre Årsheim. Destinasjonen var ny for dei aller fleste av oss, men var vel verdt eit besøk. Idyllisk, fiskemogelegheiter og eit fint utgongspunkt for vidare fjelltur til Nausane. Super stemning til langt på natt med kjekk ungdom🥰 Kan nokon lokalkjende forresten fortelje oss kvifor vatnet er demma opp?

I samarbeid med Fjordane Friluftsråd har elevane ved skulen delteke i strandryddedugnad denne veka. Onsdag rydda mellomt...
16/04/2026

I samarbeid med Fjordane Friluftsråd har elevane ved skulen delteke i strandryddedugnad denne veka. Onsdag rydda mellomtrinnet langs stranda og kanalen i Ervika, medan småskuletrinnet og ungdomstrinnet rydda henholdsvis nordsida frå gamleskulen til Korsen og Myresanden på Drage på torsdag. Flinke elevar plukka opp store mengder søppel, men ungdomstrinnet melder at det på Drage framleis er store mengder att, særleg isopor, porøs plast og taubitar. Godt jobba, folkens. De har gjort ein viktig jobb👍

Kan ein ha meir flaks med val av turdag? 🌞I blikkstille, strålande sol og på det som må vere årets finaste og varmaste d...
15/04/2026

Kan ein ha meir flaks med val av turdag? 🌞I blikkstille, strålande sol og på det som må vere årets finaste og varmaste dag så langt, har friluftslivgjengen trakka den gamle kyrkjeveien mellom Liset og Stadlandet.

Undervegs blei det delt historiske fakta og forteljingar om denne veien som strekkjer seg nærare 10 km over fjellet. Tusen takk til Grete Solborg Fure og Stad Naturguiding for at de raust ville dele frå dykkar lokale skattkiste til elevane våre🥰.

Som om ikkje det var nok, venta det oss ein skikkeleg kjekk velkomst då vi kom tilbake til skulen. Valfaggruppa Innsats for andre hadde fyrt opp grillen og diska opp med pølser, frukt og kald drikke til oss😎

Ein herleg skuledag på alle måtar🌞🚶‍♀️🚶‍♂️

Kan ein ha meir flaks i valet av turdag? I blikkstille, strålande sol og på det som må vere årets finaste og varmaste da...
15/04/2026

Kan ein ha meir flaks i valet av turdag? I blikkstille, strålande sol og på det som må vere årets finaste og varmaste dag så langt, trakka friluftslivgruppa den gamle kyrkjeveien mellom Liset og Stadlandet🌞
Undervegs fekk vi historiske fakta og forteljingar frå bruken av denne nær 10 km lange ferdselsåra i gamle dagar. Tusen takk til Grete Solborg Fure og Stadt Naturguiding som raust delte av si lokalhistoriske skattkiste så dette kunne vidareformidlast til elevane våre😍

Og som om ikkje det var nok, venta det oss ein skikkeleg kjekk velkomst då vi kom tilbake til skulen. Der hadde valfaggruppa Innsats for andre fyrt opp grillen og diska opp med pølser, frukt og kald drikke. Tusen takk til dokke og Aina Otneim Vårdal🤩

Strålande fornøgde med skule- og arbeidsdagen vår idag🌞🚶‍♂️🚶‍♂️🚶‍♂️🚶‍♂️🚶‍♀️🚶‍♀️🚶‍♀️🚶‍♀️🌞

For ein knallstart på 2026!Vinteren har levert varene så langt, og vi har ikkje latt sjangsen gå frå oss. På topp skøyte...
08/02/2026

For ein knallstart på 2026!
Vinteren har levert varene så langt, og vi har ikkje latt sjangsen gå frå oss. På topp skøyteis, både på Dalsbøvatnet og Sævatnet, har det fleire skuledagar vore fart, latter og elegante piruettar. Nokre av oss har vist skjulte talent, andre stort mot – og alle har bidrege til god stemning på isen.

Skulen rettar ei stor takk til dei sporty foreldra som stiller opp med skyss, knyting av skøyter, heiing frå sidelinja og ikkje minst leik på isen. De er heilt avgjerande for at vi kan fylle skuledagane med slike opplevingar.

29/12/2025

Gjengen på Stadlandet skule takkar for alle gode opplevingar i 2025 og ynskjer alle alt godt for det nye året 2026🎆

I dag vert Verdsdagen for psykisk helse markert.  Årets tema er: Vi treng å styrke vår psykiske beredskap. Årets kampanj...
10/10/2025

I dag vert Verdsdagen for psykisk helse markert. Årets tema er: Vi treng å styrke vår psykiske beredskap. Årets kampanje inviterer til å styrke vår psykiske motstandskraft i ei urolig tid.

Psykisk beredskap handlar om evne til å tåle det vi ikkje har kontroll over, å vere kjend med eigne grenser – og eigne ressursar. I tillegg handlar det å byggje tryggleik, fellesskap og strukturar som gjer det lettare å stå i motgang.

HOPP I HAVET for nokre tøffingar vi har i friluftslivgruppa vår!🤩Mange som opplevde meistringskjensle i dag under øving ...
03/09/2025

HOPP I HAVET for nokre tøffingar vi har i friluftslivgruppa vår!🤩Mange som opplevde meistringskjensle i dag under øving på livredning i sjø🌞👏👏👏

Tur blei det, om enn noko våtare enn vi hadde tenkt oss😅Sykkel var framkomstmiddel for mellom-og ungdomstrinnet dei 7 km...
22/08/2025

Tur blei det, om enn noko våtare enn vi hadde tenkt oss😅Sykkel var framkomstmiddel for mellom-og ungdomstrinnet dei 7 km til snuplassen i Borgundvågen, der småskuletrinnet venta. Turmålet var idylliske Sundsøyra, men ein frivillig avstikkar opp dei bratte bakkane til Revjehornet (425 moh) var mogeleg for dei som ønska litt meir utfordringar. Heile 27 elevar frå 3.-10.kl heiv seg med Heidi og Helge opp til toppen. Sprekt🤩Trass i at kraftige regnbyger tvinga oss til å vende nasa heimover med kalde elevar litt tidlegare enn planlagt, så var stemninga upåklageleg🥰🤩Ekte vikingblod i denne gjengen her, altså. 🤩Vi takkar for turen og håpar på litt betre verforhold på neste turdag.🌤🌞

OBS OBS! I morgon, torsdag 21.08, har vi felles turdag for skulen. Det vil difor vere mange syklande barn på strekninga ...
20/08/2025

OBS OBS! I morgon, torsdag 21.08, har vi felles turdag for skulen. Det vil difor vere mange syklande barn på strekninga Stadlandet skule-Borgundvåg mellom 8.30-9.15 og i motsatt retning mellom 13-14. Vi ber om at bilistar på strekninga er ekstra forsiktige og viser omsyn til elevane våre. Takk🙂

Adresse

Leikanger
Leikanger
6750

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stadlandet skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del