22/09/2022
Fiske i Opsangervatnet 🎣🐠🐡🐟
Måndag denne veka, pakka vi i elsyklane , og sykla bort til BUA Kvinnherad der vi henta ut årer til båten vi fekk låne for å ro utpå vatnet 😃
Stor stas å få sitja i sykkelen , og ei stor oppleving å vera utpå vatnet i robåt 🤩
Vi sette 4 garn , og var veldig spent på om det kom til å vera fisk i dei dagen etter 🙌🏻
Tysdag var det tid for å trekkje , vi rodde utpå og kryssa fingrane for at det var minst 5 fisk i garnet!🤞🏻🤞🏻
Det var både spennande og litt skummelt når vi såg dei fyrste fiskane komma sprellende over rekka på båten!😆👏🏻
Fangsten blei bra - og det vart heile 26 fisk!
Dei tok vi med oss attende til Odin stranda , der ein gjeng hadde slått leir og leika medan dei venta på oss 🥰
Her sløyde vi fisken og steikte den på gassgrillen vår - mange ville smaka , og nokon åt nesten ein heil fisk aleine!👏🏻🐟🤩
«Eg har aldri sett garn før - svømme fisken liksom rett inni dei?»
«Rart å sjå dansesalen frå vatnet»
«Men , koffor har egentlig fisken opne auger etter den er død..?»
«Koffor må du skjæra over halsen på den?»
«Eg lika kje blod , men eg lika fisk!»
«Mmmm! Kan eg få meir?? Den var skikkeleg god!»
«Er det bare mammafisken som har sånne egg inni seg?»
«Ka med pappafisken då, ka har den inni seg?»
«Kan eg få halda fisken?den var litt glatt..»
«Ka e da den har oppå ryggen, og under seg?»
Mange gode spørsmål og tankar - som førte til gode samtalar og undring saman❤️
Friluftsliv i nærmiljøet altså! 😍
Mål: Barn som kjenner gleda av å vera i naturen. Personalet skal kombinera uterommet sine moglegheitar med pedagogiske verkemidlar. Positive erfaringar saman med nære vaksne og andre barn fremjar trivsel og livsglede her og nå.
Gjennom å velja nærområde og det kortreiste friluftslivet, gir vi barna erfaring med berekraftig utvikling.
- Årsplanen til barnehagen-