11/12/2024
Desember er èin fin månad🎄I Jettegryto har alle avdelingane bok-adventskalender: Kvart barn pakkar inn ei bok dei likar som dei har heime og tar med til barnehagen. Så er det så stas å bli trekt å få vise og lese boka si i lag med dei andre på avdelinga📚📖 I adventstida har me også tradisjon tru fellessamlingar for heile barnehagen kvar måndag🕯️🕯️🕯️🕯️og det er så spennande å sjå og høyre på det som blir songe og fortalt. Jettegryto har i mange år hatt julebord for barn og tilsette, det har me hatt i år også🎄Det er høytidsstund, finstasen er på og me et god mat og kosar oss❤️Jammen fekk me besøk av julenissen og🎅🏼