23/06/2026
Camilla som er student i barnehagen planla og gjennomførte ei svært koseleg og spanande jonsokfeiring for barna på Fosshola i dag. Vi var heldige med veret, det var dårlege vermeldingar, men medan vi var i fjøra var det opplett og fint ver. Camilla hadde samling i fjøra, der vi fikk lære meir om bakgrunnen og tradisjonar bak jonsokfeiringa. Vi fikk lære at jonsok er ei kristen høgtid som markerer fødselen til døyparen Johannes. I Norden har vi feira jonsok enda lenger tilbake i tid og folk meinte at natta mellom 23. og 24. juni var spesiell. Sola hadde magiske krefter og natta var full av overnaturlege krefter. Bålet er det mest kjende symbolet på jonsok, det representere lys og varme og beskytter mot onde krefter. Vi måtte sjølvsagt tenne vårt eige jonsokbål og vi grilla pølser. Camilla fortalde også at dersom vi la 7 sortar markblomster under p**a på jonsoknatta ville vi drøyme om den vi skulle gifte oss med. Kommentaren frå nokre av barna var at det skulle dei ikkje gjere for dei skulle iallefall ikkje gifte seg. 🤣