Vindafjord Montessoriskule

Vindafjord Montessoriskule Vindafjord Montessoriskule er ein friskule med oppstart hausten 2026. Me ynskjer å etablere ein god grunnskule, basert på montessoripedagogikk.

Me vil lage trygge omgjevnader, med fokus på individuell læring, meistring og respekt for barnet.

Det har blitt mange milepælar for Vindafjord Montessoriskule i det siste ✔️😃🌻 Personalet har møtt kvarandre, og dei har ...
13/05/2026

Det har blitt mange milepælar for Vindafjord Montessoriskule i det siste ✔️😃

🌻 Personalet har møtt kvarandre, og dei har møtt elevar og foreldre. Vi gler oss alt til neste treff!
🌻 Skulen har møtt folket og informert og inkludert.
🌻 Dei fleste elevane har møtt kvarandre og sett skulen og skuleområdet. Vi kan melda om begeistring og forventning til skulestart!
🌻 Skulebygget tar virkelig form! Ventilasjonsanlegget er det som nylegast er på plass, så nå har bygget fått ein ny «hatt» på skuletaket! Det siste golvet blir lagt i dag.
🌻 Dugnadane fortset kvar onsdag framover - det er plass til fleire!
🌻 Skuleplassen er kosta og dei fleste containerane er vekke, så nå er det (snart) klart for 17. mai 🇳🇴🎉
🌻Ulike fag og instansar skal gjennom godkjenningsprosess i skulebygget, og prosessen er no godt i gang, og i rute!

Me ynskjer alle varmt velkommen til informasjon og ein tur innom skulebygget fredag 8. mai kl 19-20 😊
03/05/2026

Me ynskjer alle varmt velkommen til informasjon og ein tur innom skulebygget fredag 8. mai kl 19-20 😊

🌿 Me veks – og treng fleire gode folk med på laget!Interessa for Vindafjord Montessoriskule er større enn me først såg f...
27/04/2026

🌿 Me veks – og treng fleire gode folk med på laget!
Interessa for Vindafjord Montessoriskule er større enn me først såg for oss 💚
No opnar me for fleire tilsetjingar – og kanskje er det deg (eller nokon du kjenner)?
👉 Spesialpedagog / lærar / montessoripedagog (eller annan relevant bakgrunn)
👉 50–100 % stilling frå august 2026
Sjå føre deg ein skulekvardag der:
✨ fleire vaksne er til stades i same rom
✨ du har tid til å sjå kvart barn
✨ elevane jobbar i sitt eige tempo
✨ læring skjer gjennom nysgjerrigheit, ro og utforsking

Hos oss får du vere med å:
🌱 byggje opp ein heilt ny skule
🌱 skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
🌱 tilpasse læringa til elevar med ulike behov – saman med gode kollegaer

Me ser etter deg som:
💛 får energi når barn opplever meistring
💛 møter barn med varme og respekt
💛 trivst i eit kompetent, lite og engasjert team
👉 Du treng ikkje passe inn i ei “boks” – me tilpassar stillinga etter den rette personen.

Kjenner du deg att – eller kjenner du nokon som burde sjå dette?
🙏 Del gjerne vidare!
📩 Les meir og søk: https://vindafjordmontessori.no/jobbe-hos-oss/
📞 Ta kontakt for ein uforpliktande prat

Hald av datoen 📝🌻 Laurdag 9. mai ønsker me foreldre og elevar ved Vindafjord Montessoriskule velkomne til ei samling der...
27/04/2026

Hald av datoen 📝
🌻 Laurdag 9. mai ønsker me foreldre og elevar ved Vindafjord Montessoriskule velkomne til ei samling der de kan få informasjon, treffa kvarandre, bli kjende med uteområdet og skulebygget, og møta rektor og nokre av lærarane.

Dette blir eit fint treffpunkt 😊 Me kjem tilbake med klokkeslett og program, men merk datoen allereie no! (Informasjon er også sendt til foreldre på e-post.)

🌻 Alle interesserte – vindafjordingar, slektningar, dugnadsarbeidarar, heiagjeng og andre – kan gjerne halda av fredag kveld 8. mai. Då blir det bygdemøte om Montessoripedagogikk, Vindafjord Montessoriskule og ope bygg for alle som er interesserte.

Meir informasjon kjem. Me snakkast! 🙌
Ha ei god veke 😊

No kan me endeleg presentera kven som blir rektor og dagleg leiar ved Vindafjord Montessoriskule: Gina Faraas 🎉😃 🌻 Dette...
13/04/2026

No kan me endeleg presentera kven som blir rektor og dagleg leiar ved Vindafjord Montessoriskule: Gina Faraas 🎉😃

🌻 Dette er rolla som mange sikkert har vore ekstra nysgjerrige på. Difor er det ekstra kjekt å kunna fortelja at det er nettopp Gina som skal leia skulen vår.

📚 Gina har brei og solid erfaring frå skule og barnehage, i dei fleste roller frå assistent til rektor. Etter montessoriutdanninga i Italia på slutten av 90-talet har ho vore med på å hjelpt mange nystarta montessoriskular i gang.

🧩 Ho er ei ekte eldsjel som brenn for montessoripedagogikken, for friskular, for bygda og for gode oppvekstmiljø. I tillegg har me blitt ganske godt kjend med ho - sidan ho har følgt oss med råd og støtte heilt sidan sommaren i fjor. Gina er kunnskapsrik, løysingsorientert, modig, varm, jordnær og svært tilgjengeleg – eigenskapar me set høgt i oppbygginga av den nye skulen vår.

Me er stolte, glade og trygge på at skulen vår får ein svært god leiar i Gina.
Hjarteleg velkomen til oss! 😃

Me har gleda av å presentera Marianne Bockfeldt, som startar som lærar hjå oss i august 😃 🌻 Med over 30 års erfaring som...
11/04/2026

Me har gleda av å presentera Marianne Bockfeldt, som startar som lærar hjå oss i august 😃

🌻 Med over 30 års erfaring som montessoripedagog får me inn ein lærar med solid fagleg tyngd og stort engasjement for barna si læring og utvikling.

📚 Marianne har i tillegg brei erfaring og formell kompetanse som profesjonell operasongar og teatervitar. Det betyr at kreativitet, formidling og skaparglede òg vil få ein viktig plass i skulekvardagen. Her kan tema som verdsrommet og steinalderen bli levande gjennom små teaterstykke, utforsking og undring.

🧩 Ho blir skildra som ein formidlar med evne til å engasjera alle typar elevar, og som eit oppkome av kunnskap. Ikkje minst trivst ho med å ta elevane med ut på utforsking i nærmiljøet.

Me er veldig glade for å få Marianne med på laget. Hjarteleg velkomen til oss! 😃

Trygve Vaka er neste lærar me er glade for å presentera 😃 🌻 Trygve og familien flytta frå Stavanger til Bjoa for å prøve...
30/03/2026

Trygve Vaka er neste lærar me er glade for å presentera 😃

🌻 Trygve og familien flytta frå Stavanger til Bjoa for å prøvebu i fjor sommar. Det kan sjå ut til at første halvår ikkje har skremt dei frå tanken om «det gode liv» på landet!

📚 Sjølv om montessoripedagogikken er ny for Trygve, har han rikelig erfaring frå friskular på sørsida av fjorden. Han har utmerka seg som ein kjemperessurs og har eit stort engasjement for elevane si læring og trivsel.

🧩 Ved første augnekast kan Trygve oppfattast som seriøs, varm og stillferdig, men ryktene seier at han også er full i tøys og gøy! Ingen tar utkledningsoppgåver så høgtidleg som Trygve!

Hjarteleg velkommen på laget vårt, Trygve!😃

Ny dag, nytt fjes! I dag har me gleda av å få presentera Monica Rolfsnes Fardal 😃 🌻 Monica er engasjert Bømlo-patriot og...
28/03/2026

Ny dag, nytt fjes! I dag har me gleda av å få presentera Monica Rolfsnes Fardal 😃

🌻 Monica er engasjert Bømlo-patriot og bur der saman med familien sin. Men ho brenn òg for montessoripedagogikken! Så når ho til hausten er ferdig utdanna montessoripedagog, er me glade for at ho vil dela jobben på Bømlo med nokre dagar i veka hjå oss!

📚 Ho har mange års erfaring frå store og små skular. I tillegg til lærarutdanninga har ho blant anna skrive master om lese- og skriveopplæring. Ho trivest best når ho får jobba kreativt og praktisk med elevane – helst ute!

🧩 Me har høyrt frå fleire uavhengige kjelder at Monica er ein lærar av beste kvalitet. Så her er me sikre på at me har gjort eit kupp!

Hjarteleg velkommen til oss, Monica! 😊 Me gler oss til å bli betre kjent med deg 🙌

I serien «Kven skal jobba på Vindafjord Montessoriskule?» presenterer vi i dag miljørettleiaren vår, Håvard Lothe😃 📚 Man...
27/03/2026

I serien «Kven skal jobba på Vindafjord Montessoriskule?» presenterer vi i dag miljørettleiaren vår, Håvard Lothe😃

📚 Mange av oss kjenner allerede Håvard godt, gjennom mange år i arbeid med barn i Vindafjord og Etne kommune. Nå gler me oss til resten av dykk skal blir kjent med han!

🧩 Han er ein svært stødig barnehagelærar med mykje spesialpedagogisk erfaring og kompetanse - og han er agronom! Det står respekt av over 30 års erfaring frå arbeid med barn og unge, og som tidlegare speidar trivst han nok aller best når læringa kan skje ute.

🌻 Håvard kjem inn med det som kanskje er verdas beste referanse frå tidlegare elevar: «alle barn skulle hatt ein Håvard» ❤️
Gjett om me er glade for å ha han med oss?

Hjarteleg velkommen, Håvard 🤩

Dette veit me at mange er spente på. Me er superstolte over at me framover skal få visa fram nokre av dei flotte vaksne ...
26/03/2026

Dette veit me at mange er spente på. Me er superstolte over at me framover skal få visa fram nokre av dei flotte vaksne som skal vera med ungane våre til hausten. Ein bukett av folk me er skikkelig stolte av, og som me trur skal få det veldig kjekt i lag på jobb 😃

📚 Fyrst ut er me så heldige å få med oss Silje Lundal Eintveit! Ho er ein vassekte italiautdanna Montessoripedagog (det ikkje utan kudos i montessorimiljøet).

🌻 Silje og familien hennar flyttar tilbake til Etne seinare i vår, etter ein del år i Oslo. Silje kjem opprinneleg frå Åkrafjorden, er lærar og montessoripedagog, og har jobba mange år ved ein av landets eldste montessoriskular: Montessoriskolen Lyse.

🧩 Ho blir skildra som ein pedagog med stor faglig styrke, humor og som ei dame som tydeleg bringer noko inn i eit lag!

Me gler oss skikkelig til å bli betre kjent og ynskjer ho hjarteleg velkommen🤩

Me er glade og takknemlige for alle som har søkt om elevplass ved Vindafjord Montessoriskule🤩I sist veke bikka me over 3...
10/03/2026

Me er glade og takknemlige for alle som har søkt om elevplass ved Vindafjord Montessoriskule🤩
I sist veke bikka me over 30 søkarar - med god spreiing frå 1.-7. klasse.

I helga vart det sendt ut svarbrev på e-post til dei som har søkt barn inn som elevar ved Vindafjord Montessoriskule 🎉 Viktig informasjon i den samanheng:
🌼 Har du søkt om elevplass før 2. mars 2026, og ikkje fått e-post oss? Sjekk gjerne søppelpost. Ta kontakt med oss på [email protected] om du ikkje har fått e-post!
🌼 Hugs å takka ja eller nei til elevplassen ved å svara på e-posten! Frist: 29.03.26.
🌼 Me trur me skal få plass til eit par fleire! (Erfaringa frå andre skular er at ikkje alle søkarar takkar ja.) Så det er framleis mogleg å søka👍 https://vindafjordmontessori.no/om-skulen/sokje-skuleplass/. Søknadar blir handsama fortløpande.
🌼 Les gjerne om
Vindafjord Montessoriskule i Grannar! https://www.grannar.no/nyhende/godt-fornogde-med-sokartal-til-ny-skule/529394

Gjett om me gler oss til august?!🤩

Det var søkt plass ved Vindafjord Montessoriskule for 29 barn då søknadsfristen for skuleåret i utgangspunktet gjekk ut måndag kveld. Etter mykje arbeid med riving er det no klart for oppbygging av skulebygget på Bjoa.

Adresse

C/o Bjoa Bygdeutviklingslag
Ølen
5584

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vindafjord Montessoriskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Vindafjord Montessoriskule:

Snarveier

Del

Type